Arbeide med topp moderne utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?

Osland Settefisk ASBJORDALPublisert 03. sep. 2026Søknadsfrist 15. sep. 2026<p>Teknikarstilling med ansvar for drift og vedlikehald av RAS-anlegg, teknisk tilsyn, prosjekt, rapportering og utvikling. Fagbrev og teknisk forståing kreves.</p>

Om stillingen

I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finn du ei topp moderne og logaleigd bedrift, Osland Settefisk. Vi søkjer no ein teknikar i ei nyoppretta stilling. Som teknikar er du med i gjengen (med fagbrev innan biologi, elektro, automatikk og anna teknisk bakgrunn) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spanande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen. Arbeidsoppgåvene vil vere Drift og oppfølgjing av RAS anleggTeknisk tilsynJournalføring og rapporteringDelta i utbyggingsprosjektDagleg vedlikehald/reinhald av utstyrVår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggar/prosess) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling. Osland Settefisk tilbyr Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljøModerne anlegg og utstyrUtfordrande arbeidsoppgåverGode faglege utviklingsmoglegheiterSikker arbeidsplass i framtidsretta bransjeKonkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningarEin jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og faktureringArbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustadGode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø. Om bedriften Osland Settefisk er dotter-selskap i Osland AS. Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette. Sektor Privat Nettsted https://www.osland.no/smolt

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen