Om stillingen
Vil du bli ein del av eit engasjert og fagleg sterkt sjukepleiarteam?
Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleiar i 75 % tredelt turnus ved Kirurgisk post.
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med pasientar innan fleire fagområde, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, føflekkreft, brannskadar og generell kirurgi. Vi har òg ansvar for gynekologiske pasientar i helgar, høgtider og ferieperiodar.
Sengeposten har 8 senger, eit godt tverrfagleg samarbeid og tett tilknyting til poliklinikkane.
Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg breidde, varierte arbeidsoppgåver og moglegheita til å følgje pasientane gjennom ulike delar av behandlingsforløpet.
Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
Sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrer.Tett samarbeid med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.Ansvar for eigne pasientar gjennom vakta. Vi nyttar stille rapport og delt gruppe, noko som gir kontinuitet og fagleg ansvar i pasientoppfølgingaKva kompetanse er viktig i denne rolla?
Autorisert sjukepleiar.Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona.Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav.Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegKva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerer ryddig og strukturerttrivst i eit aktivt og travelt miljøer sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåverbidreg til eit godt arbeidsmiljølikar nye utfordringar Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Jo, fordi vi har:
Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne Ringe, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 75%VikariatStartdato: 01.12.2026Sluttdato: 31.12.2027Søknadsfrist: 17.09.2026
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen