Vil du skape draumebad og inspirere kundar?

A. M. Vik ASSYVDEPublisert 03. sep. 2026<p>Jobben inneber å rettleie og inspirere kundar, teikne og planlegge bad, følgje opp tilbod og kundar, bidra til sosiale medium og utvikling av butikk.</p>

Om stillingen

A. M. Vik AS har levert solide rørleggartenester i over 60 år. Vi er 11 tilsette og arbeider på heile Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi er medlem av Comfort-kjeda og butikken vår er ein viktig del av verksemda. I tillegg har vi eiga avdeling med kle og kafé. I samband med sterkare satsing på totalbad og interiørdesign søker vi no etter Baderomsdesignar/butikkselgar Er du oppteken av interiør, fargar, materialval og dei nyaste trendane? Likar du å inspirere andre og hjelpe kundar med å finne gode løysingar? Då kan dette vere jobben for deg. Dette vil du jobbe med Rettleie og inspirere kundar i butikk og utstilling Teikne og planlegge moderne bad og interiørløysingar Utarbeide tilbod og følgje opp kundar Bidra til innhald og profilering i sosiale medium Vere med på å utvikle butikk og utstillingar Skape gode kundeopplevingar frå idé til ferdig prosjekt Kven ser vi etter? Det viktigaste er at du har interesse for design, er flink til å kommunisere og likar å jobbe med menneske. Vi trur du: Har stor interesse for interiør, form, farge og trendar Er energisk, positiv og serviceinnstilt Er kreativ og har auge for detaljar Er trygg på bruk av data og digitale verktøy Er strukturert og tek ansvar Har interesse for sosiale medium og marknadsføring Vi tilbyr Ein spennande og variert kvardag Opplæring i designverktøy og produktkunnskap Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar Store moglegheiter for personleg og fagleg utvikling Konkurransedyktige vilkår Moglegheit til å vere med og forme vår vidare satsing på bad og interiør Deltidsstilling kan vere aktuelt Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Runar Vik på telefon 918 41 155. Søknad med CV sendast innan 18.09.2026. Alle henvendingar blir behandla konfidensielt. Om bedriften Sektor Privat

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen