Om stillingen
Ønsker du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med oppfølging, sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den vi søker etter.
Som rettleiar i Nav skal du følgje opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, her under at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er kommunane i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad sitt felles Nav-kontor med om lag 60 tilsette. Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Vi er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonane i Førde, Høyanger Dale og Hyllestad med eigen avdelingsleiar. Vi har også tett samarbeid med Askvoll og Kinn, då vi er regionkontor for Sunnfjord regionen.
Vi har ledig
100% fast stilling frå 01.11.26 eller etter avtale. Avdeling for oppfølgingArbeidsstad: Hyllestad (Anna arbeidsstad kan tilpassast for deler av stillinga etter nærmare avtale)
Arbeidsoppgåver
oppfølging av eigen portefølje etter nærmare avtalerettleie og motivere kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheitervurdere bruk av aktuelle tiltak og verkemiddelsamhandling internt og med aktuelle samarbeidsinstansarsakshandsaming etter aktuelt lovverk som m.a. Nav-lovabidra til fagutvikling i eiga avdeling og i kontoretKvalifikasjonar
minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, innan sosialt arbeid, sosial og helsefag eller liknande. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravetgode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, skriftleg og munnleggod digital kompetanseDet er ønskeleg at du har:
erfaring med oppfølging, rettleiing og med å motivere menneske med ulike helsemessige og sosiale utfordringarerfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskaplegerfaring med kjennskap til offentleg forvaltning, t.d. sosiale tenester eller arbeidsretta oppfølgingførarkort klasse B Vi søker deg som
har gode relasjonsevner og samarbeider godt med andrehar gode kommunikasjonsevnerer engasjert, inkluderande og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljøtrivast med å arbeide med motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknaddu likar å arbeide sjølvstendig og klarar å prioritere i ein hektisk kvardag Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåverengasjerte og dyktige kollegaer, som brenn for å hjelpe menneskestore moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardagstore moglegheiter for fagleg og personleg utviklingfleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstidatilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns- og pensjonsvilkår etter utdanning og tenesteansiennitet.Du søker ekeltronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktinformasjon
Magne Kjetil Berg, NAV-leiar, [phone] / Magne.Kjetil.Berg@nav.no
Aud Strømsli, avdelingsleiar oppfølgingsavdelinga,
Tlf: [phone] Aud.Sunni.M.Stromsli@nav.no
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og våre fagområde. Vår visjon er å gje menneske mogelegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar over heile landet. Vi arbeider tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet være prega av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unnateke frå offentleg søkjarliste må du grunngje dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen