Barnehagelærar

Oppvekst - BarnehageØYSTESEPublisert 03. sep. 2026Søknadsfrist 17. sep. 2026<p>Barnehagelærar søkjast for å skapa eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barn. Krav om godkjent utdanning og gode norskkunnskapar.</p>

Om stillingen

Brenn du for å skapa gode oppvekstvilkår for barn? Som barnehagelærar hos oss får du vera med på å utvikla eit trygt, inkluderande og læringsrikt miljø der kvart barn får høve til å veksa, meistra og trivast. Ledige stillingar i Bjørketeigen og Sjydnahaugen barnehage 100 % barnehagelærar i Bjørketeigen barnehage - frå snarast.100 % barnehagelærar i Sjydnahaugen barnehage - frå 01.11.26.  Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/ Arbeidsoppgåver Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behovStøtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leikGje barna oppleving av meistring og gleda av å nå målSkapa ein god barnehagekvardag for alleAnsvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelingaLeggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagarRettleia, involvera og motivera Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartarDelta i leiarteam ved behovBidra til pedagogisk utvikling Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen Kvalifikasjonar Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikkGode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegJf. barnehagelova må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Ha eit positivt barnesyn Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesseVisa endringsvilje og vera løysingsorientertSamarbeida godt med andre Gode kommunikasjonsevnerMe tilbyr Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid)Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagarArbeidskle Godt og fagleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsdagar Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemGode pensjons-/og forsikringsordningar   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssakI Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenestaMe gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +[phone] Arbeidsstad Vavollen 1375610 Øystese Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.11.2026Sluttdato: 31.07.2027Søknadsfrist: 17.09.2026

Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen