Om stillingen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Førsteamanuensis
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til eit vikariat som førsteamanuensis i framandspråksdidaktikk med undervisning på tyskfaget ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. januar 2027 med tilsetjingsperiode fram til 31. desember 2029.
I stillinga får du ein unik sjanse til bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Den utlyste stillinga er knytt til tyskfaget, som har fire faste stillingar. Faget har tilbod på alle nivå frå bachelorgrad til ph.d., inkludert femårig lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Tysk har òg tilbod om nettbasert vidareutdanning.
Arbeidsoppgåver
Undervising i tysk fagdidaktikk i den femårige lektorutdanninga og PPU.Tverrspråkleg undervising innan framandspråksdidaktikk.Andre undervisningsoppgåver ved behov, inkludert undervising på disiplinemna i tysk språk.Sensurarbeid, rettleiing, inkludert oppfølging av studentar i praksis.Undervising knytt til etter- og vidareutdanning ved behov.Forsking og formidling, med 46 prosent forskingstid.Vidareutvikling av undervisningstilbodet.Andre fagleg-administrative oppgåver. Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
Forskingskompetanse i fagdidaktikk tilsvarande norsk doktorgrad. Norsk mastergrad i tysk fagdidaktikk, eller tilsvarande. Erfaring frå undervising og rettleiing i tysk fagdidaktikk/framandspråksdidaktikk, og evne til å undervise og rettleie på alle nivå.Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. God kjennskap til norsk skule og utdanningssystem.Svært god munnleg og skriftleg kompetanse i norsk eller eit anna skandinavisk språk.Svært god munnleg og skriftleg kompetanse i tysk.Det er ein føremon med
Erfaring med digitale verktøy og læringsressursar.Erfaring frå undervisings- og utviklingsarbeid i skulen.Erfaring frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid.Kompetanse frå eit anna språkfag i lektorutdanninga, dvs. engelsk, fransk eller spansk.Det blir lagt vekt på forsking som er i gang, og på potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
Gode samarbeidsevner.Gode evner til å kommunisere og samhandle med både studentar og kollegaer. God formidlingsevne og entusiasme for arbeidet. Ønske om og evne til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.Sjølvstende og fleksibilitet.Vilje til å ta initiativ og ansvar. Vurdering av søkjarane
Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. I rangeringa av kvalifiserte søkjarar blir heile breidda av kvalifikasjonar trekt inn og vurdert eksplisitt etter følgjande prioritering:
Vitskaplege kvalifikasjonar. Utdanningsfaglege kvalifikasjonar. Kvalifikasjonar innan områda formidling, administrasjon og leiing. Andre kvalifikasjonar som er relevante for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga. Det skal gjerast ei avsluttande vurdering av dei samla kvalifikasjonane. Vurderinga skal sjåast i lys av det karrierestadiet søkjaren er på. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og på at vedkomande er eigna for stillinga.
Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju og til å gje ei prøveforelesing.
Hos oss får du
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. Høve til å byggje sterke faglege nettverk.Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar.Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.Løn som førsteamanuensis (stillingskode 1011), som for tida svarar til ei brutto årsløn på 790 900 – 830 900 i full stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga. Medlemskap i Statens pensjonskasse med ei trygg tenestepensjonsordning, tilgang til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Det er forventa at den tilsette har arbeidsstaden sin på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i den daglege drifta av instituttet og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst» ønskjer vi at du skriv om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga. Under «CV» vil vi ha opplysingar om:Personalia. Erfaringar og kvalifikasjonar, inkludert administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar. Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument (publikasjonsliste).Språkferdigheiter. Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna.Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (lasta opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat. Følg denne lenka for informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar.Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst.Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. Arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel. Dersom upubliserte arbeid blir lagde ved, må dette grunngjevast særskilt. Ved samforfattarskap må søkjaren gjere greie for kva bidraget hans/hennar er til publikasjonen. Trykk her for rettleiing til utforming av søknad.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen på m.paulsen@uib.no eller tlf. [phone] eller professor Åsta Haukås på asta.haukas@uib.no eller tlf. [phone].
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Søknadsfrist: 25.09.2026
Sist oppdatert 03. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen