Om stillingen
Helsesjukepleiar 100 % vikariat med moglegheit for fast tilsetjing
Vil du vere med og bidra til god helse, meistring og trivsel for barn og ungdom?
Herøy kommune har ledig eit 100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta frå snarast og fram til 19.06.2027, med moglegheit for fast tilsetjing.
Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein viktig del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn og unge. Som helsesjukepleiar vil du arbeide i både barne- og ungdomsskule og vere ein viktig støttespelar for elevar, føresette og samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule og ungdomsskule, men oppgåver kan bli endra innanfor område som ligg til seksjonen.
Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon psykisk helse og rus og seksjon rehabilitering. Seksjonen har 10 årsverk.
Herøy kommune nyttar BTS-modellen (Betre tverrfagleg samhandling) som er eit sentralt verktøy i kommunen sitt daglege arbeid og i det kontinuerlege utviklingsarbeidet av tenestene.
Arbeidsoppgåver
helsefremjande og førebyggande arbeid i skulehelsetenesta
individuelle samtalar og oppfølging av elevarhelsesamtalar og helseundersøkingar etter nasjonale retningslinjerrettleiing og rådgjeving til elevar og føresettetverrfagleg samarbeid med skule, fastlegar og andre relevante tenestervaksinering i tråd med "Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram"delta i utvikling av tenestaandre oppgåver kan kome til
Kvalifikasjonar
autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiarandre med relevant kompetanse kan bli vurdertminimum bachelor i helse- og sosialfaggod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskdu må ha førerkort klasse B og disponere eigen bil
Det må leggast fram godkjent politiattest før tilsetting.
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden
Personlege eigenskapar
du er fagleg engasjert og sjølvstendigdu må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig, samstundes som du arbeider godt i teamdu er trygg i møte med barn, ungdom og føresettedu er fleksibel, løysingsorientert og god til å prioritere daglege oppgåverdu er ansvarsbevisst og toler å stå i krevjande situasjonarvi verdset evna til å skape trivsel, inspirere og bidra til eit stygt og støttande arbeidsmiljøPersonlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagd i stor grad.
Vi tilbyr
spanande og meiningsfulle oppgåver med moglegheit til å påvirke tenestadyktige og engasjerte kollegaereit tverrfagleg fagmiljø med stort engasjementgode moglegheiter til å påvirke og utforme eige arbeiddagarbeid med fleksitidsordninggod forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLPIA-bedriftløn etter gjeldande avtaleverkmoglegheit for sletting av studiegjeld med inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning for kommunar i sentralitetsgruppe 5
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Janita Westbø Remøy, Seksjonsleiar seksjon førebyggjande, +[phone]
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 116092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.10.2026Sluttdato: 19.06.2027Søknadsfrist: 22.09.2026
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen