Om stillingen
Vi har ledig ei 100 % fast stilling og inntil 100 % vikariat i Leikvang barnehage.
Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområde. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har tre avdelingar; ei småbarnsavdeling med barn 1-3 år og to storbarnsavdelingar med born 3-5 år. Det er om lag 58 born og 15 tilsette i barnehagen.
Vi ønskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsetteVi ønskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respektVi ønskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor Å gi barna ein trygg og god barndom, skape gode relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne er viktig.
Målet vårt er å saman med foreldra å gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Arbeidsoppgåver
Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagenBidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljøPlanlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barnaSamarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnararSamarbeide med øvrige tilsetteRettleiingsansvar for øvrige tilsetteKvalifikasjonar
For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
Andre søkjarar med relevant høgskuleutdanning, fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget eller relevant erfaring kan verte vurderte. Personlege eigenskapar
Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftlegDu tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendigDu har evne til å sjå det enkelte barnetDu har evne til å handtere ei større barnegruppeDu er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodellDu kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunnVi tilbyr
Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardagGodt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidararGodt og nært fagleg samarbeidLøns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverketGode pensjons- og forsikringsordningarStad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Evy Henriette Hagen på tlf [phone].
Kontaktinformasjon
Evy Henriette Hagen, Styrar Leikvang barnehage, [phone], evy.henriette.hagen@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Fv620 1006750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%Fast, VikarSøknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen