Fagansvarleg kart og GIS

Luster kommune Forvaltning og utviklingGAUPNEPublisert 02. sep. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026
Vil du vera med og utvikla eit felles fagmiljø for kart og GIS i Sogn?

Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune.

Me søkjer fagansvarleg for kart og GIS. Du får ei sentral rolle i å byggja opp og utvikla samarbeidet og koordinera arbeidet innan kart, GIS og geodata på tvers av dei fem kommunane.

Om stillinga

Fast 100% stilling.

Som fagansvarleg skal du vera ein fagleg ressurs for medarbeidarane i samarbeidet og bidra til felles praksis, system og arbeidsmåtar. Stillinga har ikkje personal- eller økonomiansvar, men har eit tydeleg fagansvar og ei viktig rolle i koordinering og utvikling av fagområdet.

Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Du må ha god forståing for korleis modular, data, integrasjonar og arbeidsprosessar heng saman, og arbeida aktivt med forvaltning og vidareutvikling av løysingane.

Eit viktig mål er mest mogleg like systemoppsett og relevante modular i kommunane. Dette skal gjera det enklare å arbeida på tvers av kommunegrensene og bidra til likeverdige tenester i heile samarbeidet.

Sentrale arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna:

koordinera og utvikla arbeidet innan kart, GIS og geodata

ha fagansvar for forvaltning og vidareutvikling av GISLine og andre relevante GIS- og kartløysingar

ha oversikt over system, modular, dataflyt, integrasjonar og ansvarsdeling på tvers av kommunar og fagområde

følgja opp drift, lisensar, vedlikehald og leverandørkontakt

ha ansvar for brukaradministrasjon og tilgangsstyring

gje brukarstøtte og brukarorientert opplæring i GISLine

følgja opp webkart, innsynsløysingar, kart- og geodata og Geovekst-samarbeidet

vera bindeledd mot IT-miljø, systemleverandørar og relevante fagmiljø

følgja den faglege og teknologiske utviklinga og ta initiativ til nye og betre løysingar

Arbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med teknologi, behov i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som kombinerer god kompetanse innan kart, GIS og geodata med god IT- og systemforståing. Du må kunna sjå heilskapen og forstå samanhengane mellom system, modular, data og arbeidsprosessar.

Me ønskjer at du har:

relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, IT eller anna relevant fagområde

god kompetanse og erfaring innan GIS og geodata

god IT- og systemkompetanse, inkludert forståing for systemforvaltning, brukaradministrasjon og tilgangsstyring

evne til å halda oversikt over system, roller og ansvarsdeling på tvers av fleire kommunar

evne til å samarbeida med og gje opplæring og rettleiing til fagbrukarar

god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, jmf. at administasjonsspråket er nynorsk

Relevant og omfattande praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet.

Kompetanse i GISLine er viktig for rolla. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du ha solid GIS- og systemkompetanse og føresetnader for å tileigna deg denne kompetansen raskt. Erfaring med andre løysingar frå Norkart, KomTek eller tilsvarande kommunale fagsystem er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Me legg særleg vekt på at du:

har god heilskapsforståing og arbeider strukturert

er fagleg trygg og utviklingsorientert

er god til å samarbeida, koordinera og skapa felles retning

er ein god formidlar og trivst med å læra opp og rettleia andre

ser moglegheiter for å forenkla og standardisera system og arbeidsmåtar

har forståing for at rolla skal tena alle kommunane i samarbeidet og bidra til likeverdige tenester

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Me kan tilby

Du får høve til å vera med frå starten i eit nytt interkommunalt fagmiljø og påverka korleis fem kommunar skal samarbeida om kart, GIS og geodata.

Varierte og fagleg utfordrande oppgåver, gode høve til fagleg utvikling og ei sentral rolle i utviklinga av system og arbeidsmåtar

Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår

Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.

Gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Løn etter avtale.

Andre opplysningar

Arbeidsgjevar er Luster kommune. Arbeidsstad vert i ein av dei fem kommunane i samarbeidet – Luster, Lærdal, Sogndal, Vik eller Årdal – og vert avtalt nærare med den som vert tilsett. Noko reiseverksemd mellom deltakarkommunane må påreknast.

Den som vert tilsett må ha førarkort klasse B

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om stillingen

Vil du vera med og utvikla eit felles fagmiljø for kart og GIS i Sogn? Frå 1. januar 2027 etablerer Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal kommunar eit felles vertskommunesamarbeid for kart, oppmåling og GIS, med Luster kommune som vertskommune. Me søkjer fagansvarleg for kart og GIS. Du får ei sentral rolle i å byggja opp og utvikla samarbeidet og koordinera arbeidet innan kart, GIS og geodata på tvers av dei fem kommunane. Om stillinga Fast 100% stilling. Som fagansvarleg skal du vera ein fagleg ressurs for medarbeidarane i samarbeidet og bidra til felles praksis, system og arbeidsmåtar. Stillinga har ikkje personal- eller økonomiansvar, men har eit tydeleg fagansvar og ei viktig rolle i koordinering og utvikling av fagområdet. Kommunane nyttar Norkart sine løysingar på sentrale delar av fagområdet, med GISLine som ei sentral plattform. Du må ha god forståing for korleis modular, data, integrasjonar og arbeidsprosessar heng saman, og arbeida aktivt med forvaltning og vidareutvikling av løysingane. Eit viktig mål er mest mogleg like systemoppsett og relevante modular i kommunane. Dette skal gjera det enklare å arbeida på tvers av kommunegrensene og bidra til likeverdige tenester i heile samarbeidet. Sentrale arbeidsoppgåver Du vil mellom anna: koordinera og utvikla arbeidet innan kart, GIS og geodataha fagansvar for forvaltning og vidareutvikling av GISLine og andre relevante GIS- og kartløysingarha oversikt over system, modular, dataflyt, integrasjonar og ansvarsdeling på tvers av kommunar og fagområdefølgja opp drift, lisensar, vedlikehald og leverandørkontaktha ansvar for brukaradministrasjon og tilgangsstyringgje brukarstøtte og brukarorientert opplæring i GISLinefølgja opp webkart, innsynsløysingar, kart- og geodata og Geovekst-samarbeidetvera bindeledd mot IT-miljø, systemleverandørar og relevante fagmiljøfølgja den faglege og teknologiske utviklinga og ta initiativ til nye og betre løysingarArbeidsoppgåvene er dynamiske og vil kunna endra seg i takt med teknologi, behov i kommunane og vidare utvikling av samarbeidet. Kven ser me etter? Me ser etter deg som kombinerer god kompetanse innan kart, GIS og geodata med god IT- og systemforståing. Du må kunna sjå heilskapen og forstå samanhengane mellom system, modular, data og arbeidsprosessar. Me ønskjer at du har: relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, IT eller anna relevant fagområdegod kompetanse og erfaring innan GIS og geodatagod IT- og systemkompetanse, inkludert forståing for systemforvaltning, brukaradministrasjon og tilgangsstyringevne til å halda oversikt over system, roller og ansvarsdeling på tvers av fleire kommunarevne til å samarbeida med og gje opplæring og rettleiing til fagbrukarargod skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, jmf. at administasjonsspråket er nynorskRelevant og omfattande praksis kan kompensera for delar av utdanningskravet. Kompetanse i GISLine er viktig for rolla. Dersom du ikkje har erfaring med GISLine frå før, må du ha solid GIS- og systemkompetanse og føresetnader for å tileigna deg denne kompetansen raskt. Erfaring med andre løysingar frå Norkart, KomTek eller tilsvarande kommunale fagsystem er ein fordel. Personlege eigenskapar Me legg særleg vekt på at du: har god heilskapsforståing og arbeider strukturerter fagleg trygg og utviklingsorienterter god til å samarbeida, koordinera og skapa felles retninger ein god formidlar og trivst med å læra opp og rettleia andreser moglegheiter for å forenkla og standardisera system og arbeidsmåtarhar forståing for at rolla skal tena alle kommunane i samarbeidet og bidra til likeverdige tenesterPersonlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.   Me kan tilby Du får høve til å vera med frå starten i eit nytt interkommunalt fagmiljø og påverka korleis fem kommunar skal samarbeida om kart, GIS og geodata.Varierte og fagleg utfordrande oppgåver, gode høve til fagleg utvikling og ei sentral rolle i utviklinga av system og arbeidsmåtarArbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkårEit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.Gode moglegheiter for fagleg utvikling.Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.Løn etter avtale. Andre opplysningar  Arbeidsgjevar er Luster kommune. Arbeidsstad vert i ein av dei fem kommunane i samarbeidet – Luster, Lærdal, Sogndal, Vik eller Årdal – og vert avtalt nærare med den som vert tilsett. Noko reiseverksemd mellom deltakarkommunane må påreknast.Den som vert tilsett må ha førarkort klasse BAdministrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.Link til søknadsskjema: Søk her

Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen