Vil du vere med å forme framtidas offentlege innkjøp i Midt- og Vest-Telemark?

Interkommunalt innkjøpskontorMIDT-TELEMARKPublisert 02. sep. 2026

Om stillingen

Telemark innkjøpssamarbeid KO (TIS) søkjer ein engasjert innkjøpsrådgjevar som ønskjer å bruke kompetansen sin til å skape verdiar for sju samarbeidskommunar i Midt- og Vest-Telemark. Gjennom strategiske og berekraftige anskaffingar bidreg vi til gode tenester, smart ressursbruk og ei framtidsretta utvikling av kommunesektoren. Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit kompetent og dyktig fagmiljø med høge ambisjonar. Du vil samarbeide tett med ulike fagområde, leie spennande anskaffingsprosessar og vere med på å forme framtidas innkjøpsarbeid i kommunane. I dag har TIS fire medarbeidarar som verdset samarbeid, nytenking og fagleg utvikling. Nå ønskjer vi å styrkje laget med ein ny kollega. Vi trur at dyktige fagfolk blir motiverte av å lære meir, påverke og utvikle seg. Derfor legg vi stor vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og samarbeid. Vi gjennomfører anskaffingar som spenner over mange fagområde og store verdiar. Hos oss får du stor påverknad på eigen arbeidskvardag, blir ein del av eit sterkt fagleg nettverk og kollegaer som deler entusiasmen for gode offentlege anskaffingar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi har stor takhøgd, rom for idear, innovasjon og latter. Arbeidsoppgåver Leie og gjennomføre anskaffingsprosessar frå idé til ferdig avtale/kontrakt, i tett samarbeid med fagmiljø og leverandørarAnalysere innkjøpsdata, evaluere avtalar og identifisere moglegheiter for forbetring og gevinstrealiseringUtarbeide konkurransegrunnlag og avtalar, gjennomføre marknadsdialog, forhandlingar, evaluere tilbod og bidra til å sikre dei beste løysingane for kommunaneFølgje opp rammeavtalar og leverandørar i samarbeid med vår avtaleforvaltar for å bidra til gode leveransar, berekraftige løysingar og effektiv ressursbrukVere ein fagleg sparringspartnar og rådgjevar for kommunane i spørsmål knytte til offentlege anskaffingarBidra til kompetansebygging gjennom rettleiing, opplæring og deling av kunnskap på tvers av kommunane Delta aktivt i utviklinga av TIS og bidra til nye arbeidsmåtar, innovasjon og kvalitetsforbetring innan innkjøpsfaget Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Minst 3 års utdanning frå universitets- eller høgskulenivå innen  økonomi, juss, administrasjon, eller annen relevant studieretning - relevant erfaring kan i visse tilfeller erstatte utdanningskravetSvært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norskGod kompetanse i bruk av digitale verktøyFørarkort i klasse B (personbil)Ønska kvalifikasjonar Arbeidserfaring innan offentlege anskaffingarErfaring frå forhandlingar og kommersielle vurderingarGjennomført KS sertifiseringskurs i offentlige anskaffelser eller tilsvarende Erfaring frå digitale konkurranseverktøy (KGV/KAV)Erfaring frå anskaffelsesforskriften og/eller forsyningsforskriften Personlege eigenskapar Likar å setje deg inn i komplekse problemstillingar, analysere informasjon og skape struktur i arbeidsoppgåvene dineKommuniserer tydeleg og tillitvekkjande, og evnar å samarbeide godt med både kollegaer, leiarar og eksterne samarbeidspartnararEr engasjert, løysingsorientert og motiverast av å få ting gjennomført med høg kvalitetByggjer gode relasjonar og skapar tillit gjennom samarbeid, openheit og respekt for ulike perspektivEr komfortabel med digitale verktøy og tek raskt i bruk nye arbeidsmåtar og systemTek ansvar, har god arbeidskapasitet og driv prosessar framover, samstundes som du er grundig og nøyaktigMøter andre med positivitet, nysgjerrigheit og eit genuint ønskje om å bidra til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljøTrivst med å arbeide både sjølvstendig og i team, og deler gjerne idear, erfaringar og forslag til forbetringarPersonlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde ved tilsetjing Vi tilbyr Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå der du får vere med på å utvikle og forme framtidas offentlege anskaffingar i våre samarbeidskommunarKort veg frå idé til handling og rom for nye initiativ100 % fast stilling i ei eining med eit viktig samfunnsoppdragEit sterkt fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som deler kunnskap, støttar kvarandre og jobbar saman for å skape gode resultatGode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanseheving, erfaringsdeling og spennande prosjekt på tvers av kommunaneStor grad av tillit og fridom til å planleggje og forme din eigen arbeidskvardagFleksitidsordning Gode forsikrings- og pensjonsordningarLøn etter avtaleGod opplæring, mellom anna gjennom e-læringskurs og samling for nytilsette i Midt-Telemark kommune Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Arbeidsstad Nøkkelinformasjon Om bedriften Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10900 innbyggjarar. Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet. Sektor Offentlig Nettsted https://midt-telemark.kommune.no/

Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen