Om stillingen
Sjukepleiarar søkjast til Heimetenesta Område Vest: Tre faste stillingar i 100 % stilling
Vil du vera ein del av eit fagleg sterkt miljø der ingen dagar er heilt like, der latteren sit laust mellom oppdraga, og der kollegaene stiller opp for kvarandre? Då håpar me at nettopp du vil søkja jobb hjå oss i Heimetenesta Område Vest.
Me er ei engasjert og dynamisk kollegagruppe i alle aldrar, med ulik bakgrunn og erfaring. Mangfald gjer oss sterkare, og difor ser me etter deg, anten du er nyutdanna, erfaren eller ein stad midt imellom. Avdelinga vår består i dag hovudsakleg av kvinner, og me oppmodar særleg menn til å søkja. Her vert du teken godt imot uansett kven du er, så lenge du har eit varmt hjarte for faget og menneska rundt deg.
Ledige stillingar
3 x 100 % fast stilling som sjukepleiarOm arbeidsplassen
Helse og omsorg i Voss herad arbeider etter tillitsmodellen, med pasienten i sentrum og medarbeidarar som kan, vil og tør.
Som sjukepleiar hos oss får du arbeida i eit kompetent fagmiljø med kunnskapsrike og dedikerte kollegaer. Me er stolte av eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel, og me veit at god omsorg også krev gode arbeidsvilkår.
Me nyttar årsturnus som gir føreseieleg arbeidstid og god kontinuitet for brukarane våre. Som tilsett får du høve til å påverka eigen arbeidsrotasjon, med moglegheit for:
To-delt eller tredelt turnusLangvakter i turnusKombinasjonar som passar både drift og livssituasjonMe tilbyr
Rekrutteringstillegg på kr 30 000 ved 100 % stilling som sjukepleiar for nytilsette i Voss heradLøn etter gjeldande avtaleverkGode forsikrings- og pensjonsordningarLeiarar som har tillit til medarbeidarane sine og ønskjer å gi ansvarEigen kompetanseplan som sikrar kontinuerleg fagleg utviklingNært tverrfagleg samarbeidSpanande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiterEit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breiddeArbeidsoppgåver
Som sjukepleiar i Sone Vest vil du mellom anna:
Utføra sjukepleiarfaglege oppgåver som kartlegging, behandling, observasjon og pleieBidra til å ivareta brukarane sin identitet, eigenverdi og sjølvstendeHandtera legemiddel på ein trygg og fagleg forsvarleg måteDokumentera, saksbehandla og utarbeida samt evaluera tiltaksplanarRettleia og læra opp kollegaerBidra til fagutvikling og internundervisningSamarbeida med pasientar, pårørande, legar og anna helsepersonellTa i bruk og vidareutvikla velferdsteknologiKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiarGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskFørarkort klasse BKven ser me etter?
Me ønskjer medarbeidarar som:
Er fagleg trygge og engasjerteArbeider strukturert og sjølvstendigTek ansvar og har god gjennomføringsevneMøter menneske med respekt, empati og omsorgSamarbeider godt med andreSer moglegheiter når utfordringar oppstårOg ja, det hjelper om du kan handtera både kvardagslege utfordringar og den evige jakta på kvar arbeidstelefonen vart lagd sist.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Søknad
Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarlisteLink til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen