Om stillingen
Etne omsorgssenter, avdeling 2, har 20 institusjonsplassar for korttids- og langtidsopphald.
Vi søkjer no ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar i fast stilling.
Hos oss får du vere med på å gi gode og trygge tenester med høg kvalitet til bebuarane våre. Vi ønskjer medarbeidarar som er opptekne av god omsorg, samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Me tilbyr årsturnus med høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Du kan velje mellom ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
Gi heilskapleg pleie og omsorg til bebuararObservere, dokumentere og følgje opp behov og tiltakSamarbeide tett med bebuarar, pårørande og tverrfaglege samarbeidspartnararBidra til aktivitet, meistring og god livskvalitetDelta aktivt i fagutvikling og eit godt arbeidsmiljøKvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidarGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegInteresse for arbeid med eldre og personar med samansette behovErfaring frå institusjon er ønskjeleg, men ikkje eit kravEigenskapar
Me ser etter deg som er omsorgsfull, ansvarsbevisst og fleksibel. Du samarbeider godt med andre, tek initiativ og bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Me tilbyr
Fast stilling i eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljøVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverÅrsturnus og høve til medverknad i eigen arbeidsplanVal mellom ordinære vakter eller langvakterLøn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkAnnan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen