Om stillingen
Etne omsorgssenter, avdeling 2, har 20 institusjonsplassar for korttids- og langtidsopphald.
Me søkjer no sjukepleiar i inntil 100 % fast stilling.
Me arbeider for å gi bebuarane trygge, gode og fagleg forsvarlege tenester av høg kvalitet. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg miljø med dyktige og engasjerte kollegaer, der samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø står sentralt.
Me tilbyr årsturnus med høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Du kan velje mellom ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
Heilskapleg sjukepleiarfagleg oppfølging av bebuarar på korttids- og langtidsopphaldKartlegging, observasjon, dokumentasjon og evaluering av tiltakLegemiddelhandtering og medisinsk oppfølging Samarbeid med lege, pårørande og andre faggrupperRettleiing og fagleg støtte til kollegaer og elevar/lærlingarBidra til kvalitetsutvikling og gode arbeidsrutinarKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiarGode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlegErfaring frå institusjon eller kommunehelsetenesta er ønskjeleg, men ikkje eit kravDu er komfortabel med digitale arbeidsverktøy og dokumentasjonssystemEigenskapar
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, strukturert og omsorgsfull. Du samarbeider godt med andre, kan arbeide sjølvstendig og held ro i situasjonar som
krev gode faglege vurderingar. Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Me tilbyr
Fast stilling i inntil 100 %Eit inkluderande og godt arbeidsmiljøVarierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåverÅrsturnus med høve til medverknad i eigen arbeidsplanVal mellom ordinære vakter eller langvakterLøn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkAnnan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen