Om stillingen
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Postdoktorstilling
Ved Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei 100% stilling som postdoktor innan kunstig intelligens, læringsdesign og profesjonsutvikling. Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling på 4 år, og er knytt til det nasjonale senteret for kunstig intelligens og læring, AI LEARN.
Om AI LEARN
AI LEARN er det nasjonale senteret for kunstig intelligens og læring og er eit av seks nye nasjonale KI-senter i Noreg. AI LEARN skal utforske samspelet mellom menneske og kunstig intelligens, såkalla hybrid intelligens og korleis dette kan fremje menneskeleg læring og handlingskraft. AI LEARN har som føremål å støtte berekraftig, inkluderande og ansvarleg integrering av KI i både offentleg og privat sektor. Menneske og KI lærer, jobbar og skaper saman, og dette samspelet er ein viktig del av samfunnet, utdanning og arbeidsliv. AI LEARN har 34 nasjonale og internasjonale partnarar på tvers av offentleg og privat sektor og akademia.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Postdoktorstillinga vil vere knytt til AI LEARN klynge 4 Kompetansebygging for medvirkning (Capacity building for Empowerment) og vere retta mot kunstig intelligens, læringsdesign og profesjonsutvikling.
Arbeidsoppgåver
Utføre forsking av høg kvalitet om korleis lærarar og skuleleiarar samhandlar med kunstig intelligens, og utforske korleis og kva som må til for at kunstig intelligens kan takast i bruk på ansvarlege måtar i lærings- og profesjonsutvikling og leiarpraksisar i skolenUtføre kvalitativ empirisk forsking i t.d. skule og arbeidslivDelta aktivt i design og gjennomføring av datainnsamlingSamarbeide med fylkeskommunar, kommunar og skularPublisere forsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, formidle forskingsresultat og delta på vitskaplege konferansar Bidra til utvikling av forskingsmiljøet gjennom aktiv deltaking i klynge 4 samt bidra til fellesskapet ved senteret. Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må
ha oppnådd grad tilsvarande norsk doktorgrad (ph.d.) eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. ha doktorgrad innan utdanningsvitskap, pedagogikk eller eit anna relevant samfunnsvitskapleg fagha erfaring med forsking på læringsanalyseha erfaring med undervising i skulen ha god kjennskap til det norske skulesystemetbeherske norsk skriftleg og munnleg flytande, då arbeidet inneber kvalitativ datainnsamling (intervju, lyd/video opptak, observasjon) og analyse av kvalitative data på norsk kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vere villig til å samarbeide med andre. Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er særleg ønskeleg.ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelskDet er fordel om søkjar har
erfaring med organisering og leiing av profesjonsutvikling for lærarar i partnarskap med skuler (desentralisert kompetanseutvikling)erfaring med systematisk utprøving og evaluering av ny teknologi som støtte i lærings- og utviklingsprosessarPersonlege eigenskapar vil bli lagt vekt på, i tillegg til ambisjonar og potensial.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som formål at den ansatte skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søke stilling som førsteamanuensis. Stillingen kan i tillegg gje anna kompetanse med relevans for postdoktoren si vidare karriere. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den som vert tilsett, er forventa å bu og arbeide i Bergen, og delta i dei felles aktivitetane ved senteret.
Etter tilsetjing skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og prosjekt-/senterleiar utarbeide ei prosjektskildring for kvalifiseringsarbeidet, inkludert ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at prosjektet vert gjennomført i løpet av tilsetjingsperioden.
Rettleiar for postdoktoren vil være seniorforskar Kristin Børte.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljøStilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr 685 900. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde
Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga (ca 3-4 sider). Ei detaljert grunngjeving for kvalifikasjonane dine i forhold til dei oppførte krava og korleis du oppfyller kvart kriterium. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanningaCVKarakterutskrifter og vitnemål for mastergrad og doktorgrad. Dersom du ikkje har fullført doktorgraden må du leggje ved offisiell stadfesting på at doktoravhandlinga er levert inn til bedømming.Relevante attestarListe over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)Inntil tre vitskaplege arbeid du meiner er relevant for vurderingaSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
seniorforskar Kristin Børte, klyngeleiar og seniorforskar ved AI LEARN/SLATE, e-mail: kristin.borte@uib.noFor HR relaterte spørsmål eller praktiske spørsmål om søknadsprosessen ta kontakt med administrativ leiar ved AI LEARN, Jorunn Viken, jorunn.viken@uib.no.Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen