Om stillingen
Vi har frå dags dato ledig fast 100% stilling som rådgjevar innan privatarkiv.
Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon frå fylket, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.
Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger. Du vil bli del av ein seksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Arbeidsoppgåver
Arkivfagleg rådgjeving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i VestlandPolitisk saksførebuingTa del i arbeidet med å realisere Temaplan for privatarkiv i Vestland [phone], og utøving av Vestland fylkeskommune si rolle som regionalt koordinerande organ for privatarkivInitiere og følgje opp samarbeid med frivillig sektor, så vel som anna offentleg – privat samarbeid kring bevaring av arkiv og dokumentasjon frå privat sektorDelta i formidlings-, utviklings- og bevaringsprosjekt i fylkeskommunenHandsaming av publikumsførespurnaderSynfaring, innhenting, ordning og katalogisering av arkivMediekonvertering av kjeldematerialeTa del i pågåande prosessar med å flytte inn i og overføre arkiv til vårt nybygde magasinlokale på Leikanger.Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha
Mastergrad innan relevante fag som arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap, informasjonsvitskap med fleireGod norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformerGod digital kompetanseGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerFørarkort for personbilDet er ein fordel om du også har
Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektorenErfaring med programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og DigitalarkivetErfaring med prosjektarbeidErfaring med offentleg sakshandsamingKompetanse innan vern av digitalt skapte privatarkivSans for systematikk og gode analytiske evner Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar og avtaleGode forsikrings- og pensjonsordningarFleksibel arbeidstidArbeidsstad Leikanger i attraktive nyrenoverte kontorlokale og nytt arkivbygg.
Kontaktinformasjon
Elin Storøstevik, leiar, 97653607, elin.storostevik@vlfk.no
Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 17.09.2026
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen