Om stillingen
Koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn
Om Nav region Sogn
Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen. Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng.
Vil du vere med å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet?
Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal.
Kva går jobben ut på?
koordinere og vidareutvikle marknadsarbeidet i Nav region Sogn i tråd med nasjonale satsingar innan arbeidsinkluderingbyggje og vidareutvikle relasjonar til arbeidsgivarar og næringsliv i regionen, samt kartleggje arbeidsgivarane sine kompetanse- og rekrutteringsbehovplanlegge og gjennomføre minijobbmesser, WorkOp, informasjonsmøte og andre rekrutteringsaktivitetarsamarbeide tett med leiarar, rådgjevarar og regionale fagteam i Nav region Sognvere kontaktperson mot bedrifter ved permittering, nedbemanning og omstillingdelta i fylkesvise og nasjonale marknadsnettverk og samarbeide med kommunar, fylkeskommunen, opplæring- /utdanningsmiljø og andre samarbeidspartarKva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
fullført relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.erfaring frå arbeid med arbeidsgivarar, rekruttering eller arbeidsmarknadsarbeidgod forståing for arbeidsmarknaden og arbeidsgivarane sine behovgode digitale ferdigheitergod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskførarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
erfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeiderfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeidkjennskap til næringslivet i SognKven er du?
byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaertek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiterdeler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrkje det arbeidsgivarretta arbeidetfår med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar
Kvifor velje oss?
spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstidaløn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå kr 694.[phone].000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderastgod pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse Kontaktinformasjon
Jonas Grotle Førde, Nav-leiar Vik, 97614679, jonas.grotle.forde@nav.noRigmor Wathne, Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr, 47286676, rigmor.wathne@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 02. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen