Om stillingen
Ønskjer du å bidra til betre livskvalitet, meistring og utvikling for barn og unge med funksjonsnedsettingar og samansette behov?
Habiliteringstenesta for barn og unge søkjer ein engasjert rådgjevar til eit tverrfagleg spesialistmiljø. Vi har oppstart i stillinga 01.10.2026
Vi ønskjer ein medarbeidar som kombinerer klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og interesse for rettleiing og samarbeid på tvers av tenestenivå.
Om seksjonen
Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.
Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.
Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna deltek vi i eit prosjekt der kunstig intelligens (KI) blir testa som støtte i journalarbeid og dokumentasjon. Målet er å frigjere meir tid til pasientar og familiar.
Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.
Arbeidsoppgåver
Kartlegging og vurdering av funksjon, deltaking og meistring hos barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar
Bidra i utgreiing, tiltak og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming, nevroutviklingsforstyrringar og samansette hjelpebehov
Rådgiving og rettleiing til føresette, kommunale tenester, skule og barnehage
Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper i spesialisthelsetenesta og kommunen
Bidra i arbeid knytt til utfordrande åtferd, tilrettelegging, miljøbehandling og førebyggjande tiltak
Undervisning, kompetanseheving og fagutvikling
Deltaking i utviklingsarbeid, nettverk og prosjekt Kvalifikasjonar
Vi ønskjer søkjarar med:
Bachelorgrad innan helse- eller sosialfag
Relevant vidareutdanning eller mastergrad er ønskjeleg
Kompetanse innan funksjonskartlegging, miljøterapeutisk arbeid eller kognitive tilnærmingar knytt til ulike diagnoser og adfersvansker
Erfaring med rettleiing av pårørande og tenesteytarar er ønskelig
Erfaring frå habiliteringsfeltet eller arbeid med personar med funksjonsnedsettingar og samansette behov
Erfaring med offentleg saksbehandling. Det er ein fordel med erfaring med å skrive uttalelser til statsforvalterErfaring med arbeid knytt opp mot HOL kapittel 9, enten på kommunalt nivå eller spesialistnivå God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel med erfaring frå:
Arbeid med utfordrande åtferd Videreutdanning i kognitiv terapi eller anna tilsvarande kompetanse Arbeid med seksuell skadelig adferdInnsikt i, og arbeidserfaring med sjeldne diagnosar og samansette tilstandar, FASD og andre nevroutviklingsforstyrringar
Erfaring med risikovurdering og førebyggjande arbeid
Erfaring med opplæring og undervisningErfaring med samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
Er analytisk og kan sjå heile mennesket og systemet rundt
Tek initiativ og finn løysingar i komplekse situasjonar
Arbeider sjølvstendig og strukturert
Samstundes trivst i tett tverrfagleg samarbeid
Har engasjement for fagutvikling og kunnskapsbasert praksis Vi tilbyr
Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
Moglegheit til å påverke utvikling av tenester for barn og unge
Rettleiing, kompetanseutvikling og fagleg fordjupingLønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Martha Thorsheim, Seksjonsleiar, [phone]
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen