Om stillingen
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med m.a. helsesenter, skule, barnehage og butikksenter. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Solund har til saman ei 100% kommunal legestilling. Me lyser no ut ein fastlegestilling på 33,34 % og ein fastlege/kommuneoverlegestilling på 40% (fordeling ca. 33%/7%).
Solund kommune har rullerande «nordsjø» turnus for legane knytt til Solund legekontor. Me søkjer etter legar kan jobbe 33,34 % med arbeid i turnus 2 veker på og 4 veker av.
Kommunen har eigen legevakt. I vaktveke har du ansvar for legekontoret på dagtid og legevakt på kveld/natt/helg. Vaktbelastinga er høg, men vaktene er fredelege. Me nyttar vaktklasse 1 og takst 15.
Solund kommune sine helsetenester er knytt til legevaktsentralen i Førde. Solund kommune har ein velutstyrt ambulansebåt stasjonert i kommunen, i tillegg til heildøgns bemanna ambulansebil. På vakt har vi god støtte i ambulansetenesta. Lokalsjukehuset er Førde sentralsjukehus, og spesialistressursar i Bergen nyttast i stor grad. Kommunen har si eiga KAD seng knytt til institusjonstenesta i kommunen.
Solund kommune har eit vel utstyrt legekontor som er samlokalisert med helsesjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog og sjukeheim i kommunesenteret Hardbakke. Legekontoret har tilsett sjukepleiar og hjelpepleiar/sekretær.
Arbeidsoppgåver:
Fastlegekontor på dagtid på kvardagarLegevakt, kveld/natt/helgTilsynslege institusjonKommuneoverlege stillinga vil i tillegg inneha fleire ansvarsområde:
Medisinsk fagleg rådgjevar for kommunenMedisinsk fagleg ansvar for legevaktFagleg ansvarleg for legekontorSolund kommune har avtale om interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse.
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som legeSpesialist i allmennmedisinFordel med akuttmedisinsk erfaring og legevaktsarbeid.God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskFørarkort klasse BSpråk:
Nynorsk vert nytta som arbeidsspråkSolund kommune tilbyr:
Ei spanande stilling i eit godt fagleg og sosialt miljøVariert, tverrfagleg samarbeidGode pensjons- og forsikringsordningarLøn etter avtaleBustad i vaktvekerReisegodtgjersle til og frå vaktvekerI tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjent politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Kommunelege 1 Leif M. Skjærstad 57786281
Helse og omsorgsleiar Marit A. Nesse 41291139
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen