Om stillingen
Reinhalds- og tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig fast 100 % stilling som reinhaldsoperatør/ reinhaldar med erfaring frå reinhaldsfaget i helseinstitusjon.
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus. Stillinga er knytt til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, med arbeidsoppgåver som for tida i hovudsakleg knytte til operasjonsavdelinga.
Arbeidstid
Ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 07.00-21.30 på kvardagar
Arbeid kvar femte laurdag og søndag (kvar tredje helg i periodar med ferieavvikling)
Arbeid på helg og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplanArbeidsoppgåver
Dagleg reinhald av operasjonsstover, inkludert mellomvask og sluttvaskReinhald av kontor og fellesareal.Periodisk reinhald av areala i operasjonsavdelingaKøyring og bruk av reinhaldsmaskinerPåfylling av tøy, varer og rekvisita. Reinhald av anestesiutstyrSmitteutvaskUtføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvaliteskravBruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidetKvalifikasjonar
Fagbrev som reinhaldsoperatørDersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar med fagbrev, kan søkjarar med relevant erfaring frå reinhaldsarbeid i helseinstitusjon bli vurderte.Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftlegKjennskap til hygieniske prinsipp for utføring av reinhald i operasjonsavdelingEvne til å bruke ulike reinhaldsmaskinerEvne til å lese og forstå sjekklister og prosedyrerKjennskap til smittereinhaldKjennskap til NS-ISO Insta 800 og NS- 6600Kunne bruke enkle dataverktøy i det daglege arbeidetEvne til å tileigne seg opplæring i reinhald av anestesiutstyr.Evne til å tileigne seg opplæring i påfylling og handtering av lagervarer
Personlege eigenskapar
Er stabil og pålitelegEr målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet Har engasjement for reinhaldsfaget og er oppteken av å levere reinhaldskvalitetKan arbeide både sjølvstendig og saman med andre Trivst med eit raskt omskifteleg arbeidsmiljøBidreg til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø for alle tilsette i avdelingaVi tilbyr
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarRelevant opplæring for stillingaEit triveleg arbeidsmiljøVarierte arbeidsoppgåver.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Høyland, Husøkonom, (+47) [phone]
Arbeidssted
Førde sentralsjukehus6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.12.2026Søknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen