Stabsleiar

Hardanger og Voss museumUTNEPublisert 01. sep. 2026Søknadsfrist 04. okt. 2026
Har du lyst til å bli med å utvikle ein mangfaldig og engasjert kultur- og kunnskapsinstitusjon?

Hardanger og Voss museum tek vare på, formidlar og utviklar ny kunnskap om kulturarv og kunst i regionen. Gjennom museum, møteplassar og opplevingar er vi ein viktig samfunnsaktør og demokratisk arena for refleksjon, deltaking og fellesskap.

No søkjer vi ein utviklingsorientert stabsleiar som vil vere med på å styrkje organisasjonen vår vidare. Dette er ei nøkkelrolle i organisasjonen, og passar for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, mellom samfunnsoppdrag og daglege avgjerder. Og som ønskjer å bidra til gode rammer for eit stort og mangfaldig fagmiljø.
Som stabsleiar får du ei sentral rolle i administrasjonen med overordna ansvar for økonomi, personal og organisasjonsutvikling. Du arbeider tett saman med staben, direktør og avdelingsleiarane, og rapporterer til direktør.

Arbeidsstad for stillinga er ved våre nye og flotte lokale i Norheimsund.

Bli betre kjent med Hardanger og Voss museum! Høyr direktør Åsmund Kristiansen fortelje om stillinga og verksemda i Stillingspodden fra HAMNØY:
https://www.buzzsprout.com/2075765/episodes/19735867

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som vår nye stabsleiar får du det overordna ansvaret for økonomiforvaltning, personalleiing og organisasjonsutvikling. Rolla kombinerer strategisk og operativt arbeid, og inneber stor grad av sjølvstende i korleis du byggjer og vidareutviklar stabsfunksjonen.

Du vil mellom anna ha ansvar for å:

leie stabens fem medarbeidarar innan økonomi, personal og kommunikasjon

ha overordna ansvar for økonomiforvaltning, budsjett og prognosearbeid

drive organisasjonsutvikling og strategisk arbeid

vidareutvikle verksemdstyring, personalforvaltning og digital utvikling

koordinere arbeid med etterleving av lovverk og beredskap

bidra til vidareutvikling av kommunikasjon og marknadsføring

fungere som sparringspartner for avdelingsleiarane, og stedfortredar for direktøren ved behov

vere styresekretær og administrativ ressurs for styret i HVM

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi søkjer deg med solid leiarbakgrunn og god økonomiforståing, og som trivst med å tenkje heilskapleg på tvers av avdelingar. Du er ein trygg og samlande leiar som trivst med å utvikle både menneske, organisasjon og arbeidsprosessar. Du motiverast av samfunnsoppdraget vårt og ser verdien av å arbeide i ein kunnskaps- og kulturinstitusjon der målet er samfunnsverdi framfor økonomisk vinning. Har du erfaring frå og/eller interesse for kulturarv og museumsfeltet, så er det ein fordel.

Det er ønskjeleg at du har

relevant høgare utdanning innan økonomi, administrasjon eller organisasjonsfag, eller tilsvarande erfaring

solid leiarerfaring, gjerne frå ein kompleks eller samansett organisasjon

god økonomiforståing og evne til å gjere analyser og rapportering

bakgrunn frå strategiarbeid er ein fordel

erfaring med styrearbeid eller sakshandsaming mot styret

Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.

Kvifor Hardanger og Voss museum?

Du får ei sentral leiarrolle med reell påverknad på utviklinga av ein viktig kultur- og kunnskapsinstitusjon.

Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med kompetanse innan kulturhistorie, bygningsvern, formidling, samlingsforvaltning, forsking, kommunikasjon og publikumsarbeid.

Du får arbeide i ein organisasjon med spanande utviklingsprosjekt og store ambisjonar for framtida.

Du bidreg til å styrkje museet si rolle som inkluderande møteplass og samfunnsaktør i regionen.

Du får engasjerte kollegaer som brenn for oppdraget sitt og samarbeider på tvers av fag og geografiske lokasjonar.

Regionen byr på eit rikt kulturliv og unike moglegheiter for friluftsliv mellom fjord, fjell og fossar.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Søknadsfrist: 4. oktober 2026 - me vurderer søknader fortløpande

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgjevarane:

Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. [phone]

Allette Solberg, tlf. [phone]

Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt  – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjarar).

Tiltreding etter nærare avtale.

Kontaktinformasjon
Allette Solberg, Rådgiver, + [phone], as@hamnoy.no
Fredrik Deilkås, Rådgiver, +[phone], fad@hamnoy.no

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Hardanger og Voss museum

Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026

Om stillingen

Har du lyst til å bli med å utvikle ein mangfaldig og engasjert kultur- og kunnskapsinstitusjon? Hardanger og Voss museum tek vare på, formidlar og utviklar ny kunnskap om kulturarv og kunst i regionen. Gjennom museum, møteplassar og opplevingar er vi ein viktig samfunnsaktør og demokratisk arena for refleksjon, deltaking og fellesskap. No søkjer vi ein utviklingsorientert stabsleiar som vil vere med på å styrkje organisasjonen vår vidare. Dette er ei nøkkelrolle i organisasjonen, og passar for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, mellom samfunnsoppdrag og daglege avgjerder. Og som ønskjer å bidra til gode rammer for eit stort og mangfaldig fagmiljø. Som stabsleiar får du ei sentral rolle i administrasjonen med overordna ansvar for økonomi, personal og organisasjonsutvikling. Du arbeider tett saman med staben, direktør og avdelingsleiarane, og rapporterer til direktør. Arbeidsstad for stillinga er ved våre nye og flotte lokale i Norheimsund. Bli betre kjent med Hardanger og Voss museum! Høyr direktør Åsmund Kristiansen fortelje om stillinga og verksemda i Stillingspodden fra HAMNØY: https://www.buzzsprout.com/2075765/episodes/19735867 Ansvar og arbeidsoppgåver Som vår nye stabsleiar får du det overordna ansvaret for økonomiforvaltning, personalleiing og organisasjonsutvikling. Rolla kombinerer strategisk og operativt arbeid, og inneber stor grad av sjølvstende i korleis du byggjer og vidareutviklar stabsfunksjonen. Du vil mellom anna ha ansvar for å: leie stabens fem medarbeidarar innan økonomi, personal og kommunikasjon ha overordna ansvar for økonomiforvaltning, budsjett og prognosearbeid drive organisasjonsutvikling og strategisk arbeid vidareutvikle verksemdstyring, personalforvaltning og digital utvikling koordinere arbeid med etterleving av lovverk og beredskap bidra til vidareutvikling av kommunikasjon og marknadsføring fungere som sparringspartner for avdelingsleiarane, og stedfortredar for direktøren ved behov vere styresekretær og administrativ ressurs for styret i HVM Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar Vi søkjer deg med solid leiarbakgrunn og god økonomiforståing, og som trivst med å tenkje heilskapleg på tvers av avdelingar. Du er ein trygg og samlande leiar som trivst med å utvikle både menneske, organisasjon og arbeidsprosessar. Du motiverast av samfunnsoppdraget vårt og ser verdien av å arbeide i ein kunnskaps- og kulturinstitusjon der målet er samfunnsverdi framfor økonomisk vinning. Har du erfaring frå og/eller interesse for kulturarv og museumsfeltet, så er det ein fordel. Det er ønskjeleg at du har relevant høgare utdanning innan økonomi, administrasjon eller organisasjonsfag, eller tilsvarande erfaring solid leiarerfaring, gjerne frå ein kompleks eller samansett organisasjon god økonomiforståing og evne til å gjere analyser og rapportering bakgrunn frå strategiarbeid er ein fordel erfaring med styrearbeid eller sakshandsaming mot styret Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer. Kvifor Hardanger og Voss museum? Du får ei sentral leiarrolle med reell påverknad på utviklinga av ein viktig kultur- og kunnskapsinstitusjon. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med kompetanse innan kulturhistorie, bygningsvern, formidling, samlingsforvaltning, forsking, kommunikasjon og publikumsarbeid. Du får arbeide i ein organisasjon med spanande utviklingsprosjekt og store ambisjonar for framtida. Du bidreg til å styrkje museet si rolle som inkluderande møteplass og samfunnsaktør i regionen. Du får engasjerte kollegaer som brenn for oppdraget sitt og samarbeider på tvers av fag og geografiske lokasjonar. Regionen byr på eit rikt kulturliv og unike moglegheiter for friluftsliv mellom fjord, fjell og fossar. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.Søknadsfrist: 4. oktober 2026 - me vurderer søknader fortløpande Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgjevarane: Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. [phone] Allette Solberg, tlf. [phone] Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt  – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjarar). Tiltreding etter nærare avtale. Kontaktinformasjon Allette Solberg, Rådgiver, + [phone], as@hamnoy.noFredrik Deilkås, Rådgiver, +[phone], fad@hamnoy.no Nøkkelinformasjon Arbeidsgiver: Hardanger og Voss museumReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 04.10.2026

Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen