Om stillingen
Vil du vere med og skape gode tenester for personar med utviklingshemming, og leggje til rette for meistring, aktivitet og trivsel? Då kan du vere den vi ser etter.
Vi har no ledig 100 % fast stilling som vernepleiar i miljøtenesta. Stillinga inneber to-delt turnusarbeid.
Miljøtenesta i Fjaler kommune yt tenester til 28 brukarar i bufellesskap, heimebuande og i tiltak. Vi yt tenester til vaksne over 18 år med psykisk utviklingshemming.
Tenesta har eit dagtilbod på vekedagane og legg til rette for felles aktivitetar på fritida. Vi har også eit tett samarbeid med ulike organisasjonar som tilbyr aktivitetar som mellom anna bading og diskotek. Som ein del av teamet vårt får du kollegaer med brei erfaring og ulik fagleg bakgrunn.
Vi ser etter deg som er engasjert i miljøarbeid og oppteken av å levere tenester av høg kvalitet. Du evnar å reflektere saman med andre, likar å finne gode løysingar på utfordringar og har gode evner til relasjonsbygging og kommunikasjon. Vi legg vekt på at du skal få utvikle deg fagleg og få nytte kompetansen din i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar.Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukarar.Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande.Tverrfagleg samarbeidJournalføring og dokumentasjon.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som vernepleiar.God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.Førarkort kl. B.Den som blir tilsett, må leggje fram godkjendt politiattest og MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
Personlege eigenskapar
God på kommunikasjon og samarbeid.Du er engasjert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne.Strukturert, fleksibel og kan arbeide sjølvstendig.Evne til å arbeide løysingsorientert.Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Introduksjonsprogram for nytilsette.Løn etter utdanning og erfaring.Kroner 35.000 i faste tillegg – alltid på topp.Gode pensjonsordningar.Rabatterte forsikringar i KLP.Vi håpar du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen