Om stillingen
Vår rådgjevar for vidaregåande opplæring for vaksne og opplæring i bedrift skal vere i ei prosjektstilling dei neste to åra. Vi har derfor ledig eit 100% vikariat som rådgjevar med kontorplass på Voss i perioden 01.10.2026 – 30.09.2028. Det er ei mellombels stilling, med moglegheit for fast stilling.
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, lærebedrifter, samarbeidsorgan, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar, lærlingar og lærekandidatar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar/lærekandidatar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk- psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne (VO). Rettleiingstenesta Vestland indre har to kontor, i Sogndal og på Voss.
Rettleiingstenesta Vestland indre (Voss) har ledig 100 % stilling som rådgjevar med hovudansvar for vaksenopplæring og oppfølging av lærlingar. Du vil også kunne få ansvar i oppfølgingstenesta.
Arbeidsoppgåver
Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til vaksne og lærlingar ved å:
Rettleie vaksne som ønskjer å søkje vidaregåande opplæring og vurdering av realkompetanseKartleggje opplæringsbehov for vaksne
Saksbehandle i tråd med gjeldande lov- og regelverk
Rettleie, følgje opp og besøke lærlingar ute i lærebedrifter
Arrangere kurs for faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter
Samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnarar
Utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga, spesielt aktuelt er oppgåver innan oppfølgingstenesta
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, som t.d. innan pedagogiske fag eller karriererettleiing
Erfaring med karriererettleiing
God kjennskap og erfaring frå opplæring, særleg vidaregåande opplæring for vaksne og ulike opplæringsløp mot fagbrev.
Kjennskap til praksisfeltet og arbeidsmarknaden
Kunnskap og erfaring frå saksbehandlingKunnskap og erfaring i bruk av lov - og regelverk i arbeid med vidaregåande opplæring for lærlingar og vaksne
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
Førarkort kl. BPersonlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som:
Er løysingsorientert, strukturertHar evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendigEr fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt. Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Vi tilbyr
Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Vi er opptekne av at vi skal trivst på jobb og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.Ein av Norges sikraste pensjonsordningar.Gode forsikringsvilkår. Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/seniorrådgivar etter kvalifikasjonar og erfaring.Kontaktinformasjon
Mona Kristin Øvereng Ylvisåker, leiar, 41680306
Arbeidsstad
Gymnasvegen 55700 Voss
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.10.2026Sluttdato: 30.09.2028Søknadsfrist: 16.09.2026
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen