Om stillingen
Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig fast stilling i 100% som avdelingsleiar for studieførebuande utdanningsprogram (idrett og studiespesialisering) frå 1. januar 2027.
Vi søkjer deg som
byggjer gode relasjonar til elevar og medarbeidararkommuniserer tydeleg og skaper tillit er utviklingsorientert og ser moglegheiter er strukturert og handlekraftig trivst med varierte oppgåver og høgt arbeidstempo set elevane si læring og trivsel i sentrum samarbeider godt og bidreg til å finne løysingar på tvers av avdelingar har høge ambisjonar på vegne av elevane, medarbeidarane og skulen
Vi tilbyr
ei spennande og variert leiarstilling ved ein skule der du får vera tett på både elevar og tilsettemMoglegheit til å påverke utviklinga av skulen
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
faglege utfordringar og moglegheiter for leiarutviklingløn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkfylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningarOm stilling
100 % fast stilling ledig frå 1.januar 2027
Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe. Du får ansvar for å leie og utvikle eigne avdelingar, samtidig som du må bidra aktivt i den samla drifta og utviklinga av skulenArbeidstad: OttaArbeidsoppgåver
pedagogisk leiing og utvikling av avdelinga/anepersonalansvar og tett oppfølging av medarbeidararoppfølging av elevane sitt læringsutbytte, fråvær, trivsel og skulemiljøplanlegging og organisering av skuledrifta i skuleadministrativt system (VismaInSchool)
arbeid med kvalitetsutvikling og oppfølging av skulen sine resultatsamarbeid med elevar, føresette og elevtenestabidra til god ressursutnytting innanfor skulen sine rammerdelta aktivt i skulen si leiargruppe og ta medansvar for heilskapenandre leiar- og driftsoppgåver etter behovKvalifikasjonskrav
Skuleleiarutdanning. Erfaring frå skuleleiing kan erstatte formell utdanning
Relevant høgare utdanning som kvalifiserer til undervisning
Pedagogisk kompetanse og erfaring frå skuleverketErfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ønskjelegGod kjennskap til opplæringslova og skulen sitt samfunnsoppdragGode digitale ferdigheiter med blant anna kjennskap til skuleadministrativt system; VismaInSchool Ønskte eigenskapar
er synleg, tilgjengeleg, og tett på elevar og tilsettebyggjer tillit og skaper gode relasjonarer tydeleg og trygg i leiarrollakan motivere, støtte, og utvikle medarbeidarararbeider systematisk, og kan prioritere i ein variert arbeidskvardager fleksible, og villig til å ta del i ulike oppgåversamarbeider godt, og bidreg til å finne løysningar på tvers av avdelingarSøknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen