Om stillingen
Ein av våre erfarne medarbeidarar går no av med pensjon, og vi ønskjer derfor å styrkje teamet med ein engasjert hjelpepleiar/helsefagarbeidar som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi tilbyr ei fast 100 prosent stilling i todelt turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Vi ser etter deg som tek ansvar, møter menneske med omtanke og respekt, og som finn gode løysingar når nye utfordringar oppstår. Du trivst i ein aktiv og variert kvardag der ingen dagar er like, og du klarer å halde motivasjonen oppe også i periodar med høgt tempo. Gode evner til kommunikasjon og samarbeid er viktige i denne rolla. Vi ønskjer oss ein kollega som bidreg positivt både fagleg og sosialt, og som er med på å skape eit godt arbeidsmiljø for både tilsette og brukarar.
Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du gode moglegheiter til fagleg utvikling og til å bygge verdifull erfaring i eit variert arbeid. Arbeidet vårt er retta mot å gi brukarane god livskvalitet, styrkje deira eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu trygt i eigen heim så lenge som mogleg. Tenesta omfattar både heimebuande brukarar og bebuarar i omsorgsbustadar, og vi har alltid eit sterkt fokus på kvalitet i tenestene og den enkelte sine behov. Du vil vere ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av ei eining som er i vekst og stadig endring.
I sektor for velferd samarbeider vi tett på tvers av einingar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg tenester til innbyggjarane våre.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar vil du ha eit variert arbeid med faglege utfordringar knytt til oppfølging av brukarar både i eigne heimar og i omsorgsbustader. Vi legg stor vekt på godt samarbeid med brukarane, og har eit tett og velfungerande samarbeid med andre einingar og faggrupper innan velferdssektoren.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
utføre oppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med gjeldande lovverk, rutinar og prosedyrargi heilskapleg pleie og omsorg, inkludert kartlegging, behandling og observasjon, med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmeistringdokumentere arbeid i samsvar med gjeldande krav og regelverknytte velferdsteknologidelta aktivt i kvalitetsutvikling av tenestaKvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Difor er det krav om at du
er helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller har anna relevant helsefagleg utdanningkan medikamenthandteringmeistrar bruk av IT i det daglegekan leggje fram ny og gyldig politiattest ved tilsetjinghar førarkort klasse BPersonlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god og forsvarleg måtetilpassar deg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen, og du legg vekt på personsentrert omsorg.kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaerkan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjoneltmøte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonarvilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobbenbidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåverhar fokus på heilskaplege pasientforløp- trygg, omsorgsfull og fagleg engasjertVi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Stabilitet, gode verdiar og arbeidsmoral er viktig for oss. Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.
Vi tilbyr
varierte oppgåver med vekt på fagleg utvikling og godt tverrfagleg arbeidsfellesskapein triveleg arbeidsplass med mange dyktige kollegaeraktiv bruk av moderne velferdsteknologiein variert og utfordrande jobb med mange spanande arbeidsoppgåverkurs gjennom NHI og Veilederengode pensjons- og forsikringsordningarløn etter gjeldande tariffavtaleTilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +[phone]
Arbeidsstad
Teigevegen 55
6060 Hareid
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: [phone]
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2026
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen