Om stillingen
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig 1 års vikariat i 100 % som rådgjevar innan forsking.
Vi søkjer ein erfaren og engasjert rådgivar som vil spele ei nøkkelrolle i å styrke fakultetet si forskingsforvalting og utvikle forskingsaktiviteten vår. Forskingsrådgjevaren vil vere knytt til fakultetsadministrasjonen og vil samarbeide nært med prodekan for forsking, administrasjonssjef samt dei tre andre forskingsrådgjevarane ved fakultetet. Forskingsforvaltinga er i stor endring i høve til digitale arbeidsprosessar, og stillinga vil vere med på å forme utviklinga av dette.
Fakultetsadministrasjonen er lokalisert i Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på ein av dei fem campusane.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Halde seg orientert om relevante endringar og prosessar internt og eksternt, og bidra til fakultetets konkurranseevne innan forsking og nyskapingBidra til at forskningsetiske rammeverk, personvern og datahandtering blir etterleveVere sekretær i relevante fora, herunder førebuing av saker og innkallingar og referatskrivingFørebuing av saker for fakultetsleiingaBidra til- og tilrettelege for oppfølging av vedtakBistå med formidling av informasjon internt og eksterntBistå med planlegging og gjennomføring av interne kurs og workshopar for våre forskararBidra til utvikling av rutinar og retningslinjer for forsking ved FHSUtgreiings- og utviklingsarbeid i samsvar med strategi og handlingsplanarDelta og bidra på andre saksfelt etter behovKvalifikasjonskrav
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant utdanning på minst masternivå. Ph.d. innan relevant fagkrets kan vere ein fordelDokumentert erfaring med forskingsadministrasjonSvært gode munnlege og skriftlege engelskkunnskaper samt flytande skandinaviskØnska kvalifikasjonar:
Erfaring med effektiviserings- og digitaliseringsprosessarKjennskap til utdanningssektoren og/eller helseføretak, forskingsinstitusjonar og andre relevante offentlege instansarRelevant erfaring innan ansvars- og arbeidsoppgåvene knytt til stillingaGod forståing for offentleg forvalting og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode administrative tenesterGod forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdragGod organisasjonsforståingPersonlege eigenskapar:
Trivast med samarbeid på tvers av ulike fagmiljøGode kommunikasjonsevner og evne til å bygge relasjonarEvne til raskt å sette deg inn i komplekse problemstillingar og sjå heilheita i utfordringarEvne til å identifisere behov og tenke strategiskBidrar positivt i arbeidsmiljøetLøysningsorientert i forhold til endring i arbeidsoppgåverVi tilbyr
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasseSpennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utviklingHøve for trening i arbeidstidaStillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen