Miljøarbeidar - vikariat ved Voss vidaregåande skule

OPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommuneSKULESTADMOPublisert 01. sep. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026<p>Miljøarbeidarvikariat med fokus på tilrettelagt oppfølging av elevar. Arbeidsoppgåver inkluderer elevstøtte, samarbeid og fysiske aktivitetar. Fagbrev og erfaring kreves.</p>

Om stillingen

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv. Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår. Vi søkjer engasjerte og tydelege miljøarbeidarar til inntil to vikariat, for tilsetjing snarast. Vikariata går fram til jul, og dei kan bli forlenga. Vil du bidra til at elevar med behov for tilrettelagt oppfølging skal lykkast i skulekvardagen? Då kan dette vere stillinga for deg! Stillinga er for tida knytt til avdeling for tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.  Arbeidsoppgåver Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag: deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisningaer med i undervisning i grupper/klassar med spesielt ansvar for å følgje opp enkeltelevarhjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen,  samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdomandre oppgåver knytt til skulen sine aktivitetar (til dømes tur- og friluftsliv) Kvalifikasjonar Vi søkjer etter deg som har fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevante fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn, kan vere ønskeleg.  Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.  Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule. Personlege eigenskapar Vi legg vekt på fagleg og personleg eignaheit som er relevant for denne typen arbeid. Vi ønskjer at du: har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarsamarbeider godt i team med føresette og kollegaerer trygg, roleg og inkluderande i møte med ungdomer kreativ, fleksibel og omstillingsdyktigdeltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver Vi tilbyr eit nytt og moderne skulebyggutfordrande og spennande arbeidsoppgåvereit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokuseit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskapløn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikkgode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Magnhild Hakestad, Rektor, 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.noKatrine Tvilde, avdelingsleiar, 92414252, katrine.tvilde@vlfk.no Arbeidsstad Strandavegen 2515710 Skulestadmo Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 89%VikarStartdato: 14.09.2026Sluttdato: 31.12.2026Søknadsfrist: 13.09.2026

Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen