Om stillingen
I Bremanger kommune, for tida ved institusjonskjøkkena, er det ledig eit 100 % vikariat som kokk/kokekyndig frå snarast, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som har interesse for matfaget og som ønskjer å bidra til gode måltid og ein triveleg kvardag for bebuarane våre.
Arbeidsoppgåver
Dagleg ansvar for kvalitet og koordinering av tenesteneAnsvar for kontinuerleg kvalitetssikring og skal delta i utviklinga av kvalitetsmål innan driftseiningaDelta i utarbeiding av turnusplanarSamarbeide med andre faggrupper i kommunenSikre kvaliteten i den direkte tenesteytingaHalde seg oppdatert på utviklinga i fagfeltet og bringe ny kunnskap inn i einingaOppgåver kan verte endraKvalifikasjonar
Fagbrev innan kokkefagetGode kommunikasjon - og samhandlingsevnerLøysingsorientert lagspelar som kan arbeide under pressKan motivere og inspirere medarbeidararDatakunnskapKan arbeide sjølvstendig, likar utfordringar og har stor arbeidskapasitetEr ryddig, serviceinnstilt og fleksibelMå beherske norsk godt både skriftleg og munnlegPersonlege eigenskapar
For oss er det viktig at du trivast å jobbe ilag med andre menneske, og at du ønskjer å gjere ditt beste for våre pasientar. Bebuarane har ulike medisinske utfordringar, kor ernæring er ein viktig del av behandlinga.
Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
Gratis barnehage
Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! Kontaktinformasjon
Evy Janne Berle, Driftssjef, +[phone]
Arbeidsstad
Gamlevegen 596729 Kalvåg
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarSøknadsfrist: 20.09.2026
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen