Om stillingen
Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag!
Nav Giske har eit ledig vikariat i 100% stilling. Vikariatet er ledig omgående og gjeld til 31.10.2027.
Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i bemanning av publikumsmottaket.
Nav Giske består av 15 engasjerte medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar, og vi legg stor vekt på brukarmedverknad og samhandling. Gjennom innsatsen vår får fleire moglegheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og sikre eiga inntekt. Vi tilbyr tenester til kommunen sine om lag 8 800 innbyggjarar og er ein innovativ og framtidsretta tenesteleverandør. Gjennom brukarmedverknad, samhandling og eit sterkt kompetansemiljø skal vi bidra til å hindre utanforskap, få fleire i arbeid og sikre ein velfungerande arbeidsmarknad.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
Heilskapleg arbeidsretta oppfølging av brukararSaksbehandling etter relevant lovverk innafor Nav sine kommunale og statlege ansvarsområdeOppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med fokus på arbeid, meistring og inkludering i arbeidslivetGi råd og rettleiing, også innan privatøkonomiByggje gode relasjonar og samarbeide med næringsliv og andre aktuelle samarbeidspartnararDelta i kontoret sine fellesoppgåver
Nav-kontoret er i stadig endring og utvikling, og ein må rekne med endringar i arbeidsoppgåver ut frå hehov.
Kvalifikasjonar
Fullført utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helse- og sosialfag eller samfunnsfag. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.Rettleiingskompetanse frå studiar og/eller praksisGode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, minimum nivå B2God digital kompetanse og evne til å raskt setje deg inn i nye fagsystemGod relasjonskompetanseDet er i tillegg ønskeleg at du har:
Forståing av Nav si rolle i samfunnetGrunnleggjande økonomisk forståing/privatøkonomiErfaring frå tverrfagleg samarbeidKjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt områdeErfaring frå saksbehandling og tolking av lovverk, gjerne frå offentleg forvaltningFørarkort klasse BPersonlege eigenskapar
Du er ein relasjonsbyggar som evnar å skape tillit, kontakt og motivasjon hos brukarar i vanskelege livssituasjonarDu er ein trygg og tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evner å gjennomføreDu arbeider resultatorientert og er oppteken av kvalitetDu bidreg til eit godt og utviklande arbeidsmiljøDu arbeider sjølvstendig, målretta og strukturertDu evner å sjå heilskap og handtere eit breitt spekter av oppgåverPersonlege eigenskapar og erfaring med arbeid i Nav vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområdeEit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaerFagleg og personleg utviklingFleksitidsordningLøn og tilsetjing på kommunale vilkårKontaktinformasjon
Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar Nav Giske, +[phone]
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.10.2026Sluttdato: 31.10.2027Søknadsfrist: 15.09.2026
Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen