Fagkoordnator Avdeling Arbeidsliv

Nav Askøy // Avdeling ArbeidslivKLEPPESTØPublisert 01. sep. 2026Søknadsfrist 15. sep. 2026760 000

Om stillingen

Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å koordinere, samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy! Nav Askøy har ledig fast stilling som fagkoordinator i avdeling Arbeidsliv. I avdelinga arbeider vi med sjukefråværsoppfølging, arbeidsretta oppfølging og oppfølging etter sosialtjenesteloven, hovudsakleg til personer over 30 år. Vi har også overordna ansvar for gruppetiltaka i kontoret og back-office. Som fagkoordinator vil du inngå i, og ha fagleg ansvar for fagteama for oppfølging av sjukefråvær og arbeidsretting. Du vil også bistå heile kontoret i faglege spørsmål og avklaringar. 50% av stillinga vil innebere oppfølging av brukarar. På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga. Vårt kontor har 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Vi held til i nye, aktivisertbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy. Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Kva går jobben ut på? vere fagleg oppdatert og bistå dei andre i kontoretkoordinere teama i tråd med samfunnsoppdraget og mållegge til rette for kontinuerleg forbetringbidra til utvikling og godt samarbeid internt og eksterntkartlegge og følge opp deltakarar i eigen porteføljeleie fagmøtedelta i opplæring i kontoret og i regionenNav er i kontinuerlig utvikling og endring i arbeidsoppgåver og ansvar må påreknast. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.god erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske i ulike livsfasarrettleiings- og/eller inkluderingskompetanseerfaring frå motivasjonsarbeidgode muntlige og skriftlege kommunikasjonsevner på norskDet ein fordel om du har god kjennskap til samfunnsoppdraget og tenestene til Navgod forståing for teamarbeid og teamutviklingerfaring frå koordinering av teamerfaring frå prosessleiingHar du utdanning frå utlandet, ber vi om autorisert omsetting og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/). Kva ser vi etter hos deg? du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar med kollegar, brukare og samarbeidspartnarardu kommuniserer informasjon, forventingar og tilbakemeldingar tydeleg og på ein inkluderande måtedu jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevnedu kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og har evne til å handtere uventa hendingarvidare er du fleksibel, sjølvgåande, har evne til eigenmotivasjon, arbeider strukturert og er trygg på å bruke ulike systemKvifor velje oss? ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdragspennande og meiningsfylte arbeidsoppgåvereit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaermoderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstidastillingskode 1364 som seniorrådgivar i lønsspenn frå kr 700 000 til kr 760 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasseLes meir om Nav som arbeidsgivar Kontaktinformasjon Monica Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Avdeling Arbeidsliv, [phone], monica.sandsta.hansen@nav.no Arbeidsstad Gamle Kleppestøvegen 2 5300 Kleppestø Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: [phone] Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 15.09.2026

Sist oppdatert 01. sep. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen