Om stillingen
Osterøy kommune søkjer ein engasjert PP-rådgjevar i 100 % vikariat frå 27.09.2026. Hos oss får du arbeide tverrfagleg og bidra til at barn og unge får heilskaplege og gode tenester.
PPT er ein del av Familiens hus, eit tverrfagleg kommunalt tilbod som òg omfattar Barn- og familieteam, helsestasjon og barnevern. Familiens hus er organisert under sektor for oppvekst, undervisning og kultur.
Som BTI-kommune arbeider Osterøy systematisk for tidleg innsats, samordna tenester og godt tverrfagleg samarbeid. Målet er å styrkje tilbodet til barn, unge og familiar med barnet sitt beste som eit overordna prinsipp.
I Osterøy PPT arbeider vi førebyggjande og tett saman med barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar, med særleg vekt på inkludering. Kvar barnehage og skule har ein fast kontaktperson. Organiseringa skal sikre nærleik, god samhandling, tidleg innsats og bidra til å styrkje kvaliteten i det ordinære tilbodet.
PPT er ein sentral drøftings- og samarbeidspartnar for barnehagar og skular. Vi bidreg i kvalitetsutviklingsarbeidet gjennom systemretta arbeid, rettleiing og kompetanseutvikling.
Gjennom sakkunnig vurdering, systemretta arbeid og kompetanse- og organisasjonsutvikling bidreg PPT til at barnehagar og skular kan førebyggje vanskar og leggje til rette for inkluderande fellesskap. Vi arbeider for at barn og elevar som har behov for tilrettelegging, får eit forsvarleg og inkluderande pedagogisk tilbod. Vi arbeider forskingsbasert og systematisk for å tilby tenester av god fagleg kvalitet.
Legg inn informasjon om stillingaArbeidsoppgåver
Vere fast kontaktperson for grunnskularGi konsultasjon og rettleiing til tilsette i skulen og føresetteDelta i drøftingar med skular og andre samarbeidspartnararBistå skulane i kompetanse- og organisasjonsutviklingDelta i utviklingsarbeid i samarbeid med sektor for oppvekst, undervisning og kulturDelta i tverrfagleg samarbeidGjennomføre utgreiing og kartleggingUtarbeide sakkunnig vurderingKvalifikasjonskrav
Relevant utdanning på master- eller hovudfagsnivå innan pedagogikk eller spesialpedagogikkSøkarar med relevant bachelorgrad og særleg relevant erfaring kan bli vurderteGod kjennskap til og erfaring frå undervisning i grunnskule, særleg 5-10.trinnKompetanse og erfaring med rettleiing, utgreiing og kartleggingGod munnleg og skriftleg framstillingsevne Gode samarbeids- og relasjonsbyggjande evnerGod organisasjonsforståingEvne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturertRobust med god arbeidskapasitetPåliteleg og ansvarsbevisstDu må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar og relevant erfaring frå PPT vil blir vektlagt. Krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. jf. opplæringslova § 17-11
Vi tilbyr
Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljøVarierte og meiningsfulle arbeidsoppgåverOpplæring ved oppstartFokus på fagleg utvikling FleksitidsordningBilavtaleLøn etter gjeldande tariffavtaleOffentleg tenestepensjonVideo:
https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Spørsmål om stillinga
Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Trude Litangen Jacobsen, PPT-leiar, på telefon [phone] eller e-post trude.litangen.jacobsen@osteroy.kommune.no
Søknad med CV sender du elektronisk via kommunen sitt søknadssystem innan 27.09.2026 . Aktuelle vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen