Om stillingen
Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule? Vi søkjer etter ein lærar til 100% vikariatstilling resten av skuleåret [phone] med ønskje om oppstart snarast råd etter tilsetjing. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen.Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Planleggje og leie elevane si læringKontaktlæraroppgåver kan verte aktueltGje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningarOppfølging av elevane si faglege og sosiale utviklingVerdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heimSamarbeide godt med andre faginstansarArbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljøVere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeidStillinga og arbeidsoppgåvene vil vere på små- og/eller mellomtrinn, alt etter skulen sitt samla behov og kompetansen til søkjar. Oppgje kva som er aktuelt/ønskjeleg i søknaden.Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfagDet er ein fordel med brei fagkompetanse og at ein stettar formelle krav til undervisning i fleire fagGode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringaGod digital kompetanseGodkjent politi- og tuberkulinattestPersonlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
er ein tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn er god på å byggje relasjonarlikar å samarbeide tett med kollegaerer strukturert og løysingsorienterter raus og inkluderandeer ein lagspelar som deler eigen kompetansehar lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaerPersonlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Ei spanande lærarstilling der ein kan vere med og skape innhald og kultur i ein ny skuleTopp moderne undervisningslokale og arbeidsplassarLøn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativEit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt
skulemiljøGod pensjonsordning gjennom SPKVere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skaptKontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.10.2026Sluttdato: 31.07.2027Søknadsfrist: 12.09.2026
Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen