Barne- og ungdomsarbeider

Brattvåg barneskule, Haram kommuneBRATTVÅGPublisert 31. aug. 2026Søknadsfrist 20. sep. 2026975600

Om stillingen

Brattvåg barneskule får ledig ei fast stilling som barne- og ungdomsarbeidAr, med snarleg oppstart. Stillinga kan justerast. Vi søkjer ein motivert og engasjert tilsett som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegie og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø. Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har i underkant av 200 elevar frå mange ulike nasjonar. Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen. Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv. Arbeidsoppgåver Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson. Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i skulekvardagen deira og på SFO.Bidra til at kvart enkelt barn opplever positiv oppfølging.Ha fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling.Følgje opp planar og rutinar til kvart enkelt barn.Kvalifikasjonar Ha gode relasjonelle eigenskaparSøkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg.Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med fleirspråklege barn, men ikkje eit krav.Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.Ønskjeleg med erfaring med barn med ulike diagnosar og utfordringar, positivt med kjennskap til ASK. Den som vert tilsett må leggje fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.Personlege eigenskapar Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på kvart enkelt barn og grupper.Ha fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell. Gode omsorgsevner Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag.Du må vere løysingsorientert, punktleg, påliteleg, fleksibel og ha gode samarbeidsevner.Du må trivast både med ute- og inneaktivitetar.Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.Vi tilbyr Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst flotte elevar.Opplæring vil bli gitt.Løn i følgje tariff.Pensjonsordning gjennom KLP.Kontaktinformasjon Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no Arbeidsstad Skulesvingen6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 80%FastStartdato: 07.09.2026Søknadsfrist: 20.09.2026

Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen