Om stillingen
Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med funksjonsnedsetting. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.
Studalen sin visjon er;
Gode relasjonar skapar trivsel og meistring. Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling.
Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt ut i frå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.
Det er ledig ein fast 100% stilling, samt eitt vikariat i 100%, for vernepleiar i Studalen bufellesskap, begge frå 01.10.26. Stillingane er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg.
Vernepleiar har ansvar for:
Fagleg ansvar i avdelinga
Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
Evaluere mål og tiltak
Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og legga til rette miljøarbeid utifrå desse
Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon, og rettleia anna personale i høve dokumentasjon
Kjenna til og bruka avdelinga sine prosedyrar, og gjera dei kjent for andre medarbeidarar
Ansvar for å vurdera behovet for kontakt med andre instansar/ samarbeidspartnarar (til dømes Habiliteringstenesta, ergo/fysioterapitenesta m.m.)
Vernepleiar får ansvar for fagkoordinator sine oppgåver når denne er fråverande.
Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver
Kvalifikasjonskrav:
Autorisert vernepleiar.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar vert lagt vekt på.
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Ragnhild Dale, tlf [phone] eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf [phone]
Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen