Om stillingen
Etne kommune, Bygg- og eigedomsdrift har ledig 100% stilling som reinhaldsleiar.
Vi søkjer ein fagleg trygg, strukturert og engasjert medarbeidar som vil vere med og vidareutvikle reinhaldstenesta og sikre god kvalitet i arbeidet.
Reinhaldsleiar har ei sentral rolle i den daglege drifta av avdelinga, med ansvar for planlegging, koordinering, oppfølging og fagleg rettleiing. Stillinga kombinerer praktisk reinhaldsarbeid med administrative og koordinerande oppgåver.
Arbeidsoppgåver
fordele arbeidsoppgåver i dialog med gruppa, organisere arbeid ved fråvær og feriefølgje opp at reinhaldet vert utført i tråd med fastsette standardar, regelverk og målsettingarprioritere reinhaldsoppgåver ut frå hygieniske, estetiske og faglege vurderingardelta i dagleg reinhald og andre oppgåver ved behovsjå til at hovud reinhald og periodisk reinhald vert gjennomført som avtaltha dialog med brukarar og eksterne samarbeidspartnararplanleggje og leggje til rette for arrangement, utleige og eksterne brukararha ansvar for dokumentasjon, internkontroll og reinhaldsplanar og bruk av digitale systemmotivere medarbeiarar og bidra til godt arbeidsmiljø og godt samarbeid i avdelingasikre opplæring, oppfølging og fagleg utvikling i avdelingaha fokus på HMS. Bidra til førebygging av fråvær og helseskadarbidra til varebestilling og innkjøp innanfor fastsette rammer og i dialog med leiarha ansvar for reinhaldslagerha ansvar for kontroll av maskinar og følgje opp service, vedlikehald og reperasjonarbidra til fakturahandsaming og timeføringbidra til god ressursutnytting og til at avdelinga held seg innanfor økonomiske rammardelta i nettverksmøte, intervju og fleirfagleg samarbeid ved behovutføre andre interne oppgåver som leiar vurderer som tenelege for avdelinga, til døme; fakturahandtering og innkjøp m.m.Kvalifikasjonar
det er krav om fagbrev innan reinhaldsoperatørfagetdet er ønskjeleg med erfaring frå reinhalddet er ein fordel med erfaring frå leiing eller arbeidsleiingkrav til førarkort klasse Bgod fagleg forståing for kvalitet, hms, økonomi og internkontrollkrav om evne og interesse til å nytte digitale verktøy i arbeidskvardagensøkjar må meistre norsk godt, både munneleg og skriftlegEigenskapar
Vi søkjer deg som:
er tydeleg og ansvarsmedvitenarbeider strukturert og sjølvstendighar gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerkan motivere og følgje opp medarbeidararbidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø for tilsette og yte god service for brukararer fleksibel og løysningsorienterthar evne til å handtere både dagleg drift og planleggingPersonlege eigenskapar vert lagde vekt på.
Me tilbyr
ein interessant jobb med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljøutvikling og kompetanseløftgode pensjons- og forsikringsordningartilsetjing på vanlege kommunale vilkårlønn etter tariff og godkjent ansiennitetfleksitidAnnan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Søk her
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632
Sektor
Offentlig
Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen