Mannskap til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn

Maritim Drift, Fjord1 ASSELJEPublisert 31. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026478878

Om stillingen

Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss. I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter matros, overstyrmann og maskinsjef som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene. Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette. På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Vi tek over drifta av ruta 1.desember. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.  Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen for den aktuelle rolla.   Kvalifikasjonar Minimum D4-sertifikat for overstyrmannMinimum M1-sertifikat for maskinsjefFor matros, nødvendig fartstid eller ferdighetsertifikat matrosSikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskriftaKrise- og passasjerhåndteringskursGyldig helseattestFjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Samtidig tek du ansvar, arbeider sjølvstendig og har fokus på tryggleik og kvalitet. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst. Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. Hybelordning i arbeidsperioden.Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no Arbeidssted Strandkaien5013 Bergen Nøkkelinformasjon Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 13.09.2026

Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen