Om stillingen
Landmålar GIS, geodata og matrikkel
Hå kommune har ledig ei fast 100 % stilling som landmålar og søker ein engasjert og dyktig medarbeidar. Området er organisert under avdeling for plan og arealbruk, og har per nå to tilsette.
Arbeidsoppgåver
Primæroppgåver:
- Matrikkelarbeid - saksbehandling av saker etter matrikkellova, landmåling, oppmålingsforretning, adressering
- Rådgjeving av publikum, kollegaer og folkevalde innanfor fagområdet
Andre moglege oppgåver:
- Geodata/GIS- arbeid - pådrivar for utvikling av fagområde (kommunen bruker per i dag ISY GIS/ISY- Map)
- Kontaktperson i GIS, Geovekst og geodatanettverk
- Temakart
- Andre arbeidsoppgåver må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert eigedomslandmålar eller utdanning innan landmåling med moglegheit for å bli autorisert. (eks. Landmåling og eiendomsdesign fra HVL eller godkjent fagkombinasjon frå NMBU)
- Ønskeleg med minimum 3- 5 års relevant arbeidserfaring, men nyutdanna vil også bli vurdert.
- Gode digitale ferdigheiter innan GIS- og kartløysingar, GPS og landmåling
- Kompetanse innanfor relevant lovgjeving og god juridisk forståing
- Søker må ha god matrikkelførarkompetanse, eventuelt kunne tileigne seg kompetansen ved matrikkelførarkurs/praksis.
- Har god kunnskap om offentleg forvaltning
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Søkarar må ha førarkort klasse B (manuelt gir).
Personlege eigenskapar
Er positivt innstilt med god gjennomføringsevne og framdrift
Har godt overblikk, er systematisk og strukturert
Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar for eigne vurderingar og avgjerder
Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe i team
Er engasjert, fleksibel, endringsvillig og løysningsorientert
Har motivasjon og evne til å tileigne seg ny kunnskap.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
Ein spennande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Lønn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Utfordrande arbeidsoppgåver innan fagfeltet
Fleksibel arbeidstid
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.Link til søknadsskjema:
Søk her
Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen