Helsefagarbeidar

Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehusODDAPublisert 31. aug. 2026Søknadsfrist 29. sep. 2026536510

Om stillingen

Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand! Odda ligg omgitt av spektakulær natur, ein kulturby med aktivitetar året rundt. Bytt kø med Trolltunga og fjordar – eller ta ein tur på ski: Røldal Skisenter, berre 30 minutt unna, er blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge. ⛷️❄️ Skisenteret er rekna som eitt av dei beste områda i Noreg for off-piste og frikøyring, med heile anlegget liggande over tregrensa. Kulturlivet i Odda byr på noko for alle, med festivalar som Sus og dus, litteraturfestival, Hardanger musikkfestival, internasjonal siderfestival og ei blueshelg.  Her får du ein kvardag der jobb og fritid balanserer perfekt. Om avdelinga vår Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø. Vi gir deg ei brei og verdifull erfaring. Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg,  og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet. Vi deler på oppgåvene. Du får vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK).  Nysgjerrig på korleis det er å jobbe og bu i Odda? Vi fortel gjerne meir om teamet vårt, fagmiljøet og moglegheitene som ventar. Ta kontakt med  Andreas eller Kristin for ein uforpliktande samtale. Andreas -  53651146 Kristin -  53651013 Kva går jobben ut på? Dine oppgåver inkluderer: Observere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov.Gi pasienten god omsorg, pleie, informasjon og opplæring.Følgje opp lærlingar.Delta på kurs og fagsamlinger. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.Minimum 1-års erfaring som helsefagarbeidar.Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.  Kva ser vi etter hos deg Vi søkjer deg som: er oppteken av god pasientbehandlingtek ansvar og er sjølvstendigtrivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupperbidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar vert vektlagd  Kvifor skal du velje oss? Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss: eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljøeit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutviklingoppgåvedeling med sjukepleiarar – og moglegheit for sertifisering i prosedyrarhjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskelegeit trivelig arbeidsmiljøVi kartlegger mulighet for 12-timersskift på avdelingenBusetter du deg i Odda kan du søkje om å få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år.Kontaktinformasjon Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +[phone] Arbeidsstad Sjukehusvegen 105750 ODDA Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 29.09.2026

Sist oppdatert 31. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen