Om stillingen
Vi søkjer ein person som forstår korleis teknologi og digitalisering kan setjast i spel for å støtte verksemda sine mål, men som ikkje nødvendigvis har ein teknisk fagbakgrunn. Du er like komfortabel med å setje deg inn i korleis enkeltløysingar fungerer, som du er med å løfte blikket og sjå heilskaplege samanhengar på tvers av system, data og organisasjon.I denne rolla er evna til å omsette overordna strategiar til konkrete, gjennomførbare tiltak avgjerande. Du har eit godt auge for korleis ulike fagsystem og datakjelder heng saman, og du bidreg til at Vestland fylkeskommune sine digitale investeringar faktisk underbyggjer organisasjonen sine mål.Vi ser etter deg som er analytisk og nysgjerrig, som trivst med å jobbe tverrfagleg, og som er god på å skape felles forståing mellom fagmiljø, leiing og IKT.
Arbeidsoppgåver
Kartlegge og analysere korleis organisasjonen nyttar teknologi og digitale system, og identifisere forbetringsområdeBidra i moderniserings- og transformasjonsinitiativ på tvers av organisasjonenBidra med å få oversikt over dataa våre – dataforvaltningSkape samanheng mellom fragmenterte datakjelder og verdikjederBidra til å utvikle og vedlikehalde eit heilskapleg bilete av organisasjonen sine system, data og prosessarGjere data tilgjengelege og forståelege – frå dataplattform til avgjerdEtablere tydeleg eigarskap, omgrep og reglar som faktisk vert brukteGjere data klare for KI, prognosar og automatisert optimaliseringVere bindeledd mellom faglege behov i avdelingane og IKT-fagmiljøet, og sikre at løysingar støttar opp under verksemda sine målFølgje opp organisasjonen med tanke på informasjon som ligg i verktøyet vårt for verksemdsarkitekturFølgje opp og vidareutvikle arkitekturprinsippDelta i innkjøpsprosessar for å sikre at arkitekturprinsipp vert følgde. Vurdere og kvalitetssikre løysingsforslaga til leverandørane opp mot behova og arkitekturprinsippa til fylkeskommunenVere med å styre utviklinga av verktøyet vårt for verksemdsarkitektur. Kontakt med leverandøren vår av verktøy for verksemdsarkitekturRådgjeving i systemval med vekt på heilskapleg arkitektur, integrasjonar og langsiktige behovDelta aktivt i arbeidet med digitalisering, porteføljestyring og prosjektutviklingStøtte leiarar og fagmiljø med innsikt og analysar som grunnlag for avgjerderSamarbeide på tvers av avdelingar, fagområde og geografi for å sikre gode og samkøyrde løysingarKvalifikasjonar
Utdanning:
Bachelorgrad er eit minimumskrav. Mastergrad er ein fordel, men ikkje eit krav.Relevant utdanning kan vere innan informasjonsteknologi, organisasjon og leiing, samfunnsvitskap, økonomi eller tilgrensande fagfelt. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.Erfaring og kompetanse:
Erfaring med organisasjons- eller systemutvikling, prosjektarbeid, analyse eller tilsvarandeGod forståing av korleis digitale verktøy og system fungerer og heng samanErfaring med å jobbe tverrfagleg og å koordinere mellom ulike interessentarKjennskap til, erfaring med eller sertifisering i Togaf, Cobit eller tilsvarande rammeverk tel positivtPersonlege eigenskapar
Analytisk og systematisk med evne til å sjå heilskaplege samanhengarNysgjerrig og løysingsorientertGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerEvne til å skape felles forståing mellom ulike fagmiljøSjølvstendig og god til å prioritere og strukturere arbeidetEndringsvillig og komfortabel i ein organisasjon i utvikling Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.Vi tilbyr
Hos oss får du:
Eit meiningsfylt arbeid i ein av landets største fylkeskommunar med over 6 000 tilsetteEin aktiv og engasjert organisasjon i kontinuerleg utviklingGodt fagmiljø med kompetente kollegaer og tverrfaglege prosjektHøve til å bidra direkte til at teknologi og digitalisering skaper reell verdi for innbyggjarane i VestlandFleksibel arbeidstid og gode velferdsordningarMoglegheit for fagleg og personleg utvikling i tråd med Kompetansestrategien til Vestland fylkeskommune gode moglegheiter for fagleg utviklingløn etter avtalegode offentlege pensjons- og forsikringsordningarKontaktinformasjon
Tom Sølve Myklebust, seksjonssjef, 41530977
Arbeidsstad
Askedalen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.10.2026Søknadsfrist: 20.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen