Om stillingen
Vil du jobbe på eit av Norges største samband?
Vi søker no etter ein dekkssjef på sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Boknafjord.
Turnus er 2 veker på og 2 veker av, noko som gir deg lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Under arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekker reise til og frå arbeidsperioden.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Arbeidsoppgåver
Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift
Vere avløysar for skipsførar Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengelegUtføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekkAnsvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet Kvalifikasjonar
Minimum D2-sertifikat
GMDSS/ROC sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskriftaFerdigheitssertifikat medisinsk behandlingFerdighetssertifikat videregående IGFKrise-og passasjerhandtering
Gyldig helseattestSkandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk SjøoffiserforbundSjøvakt: 2 veker på, 2 veker av
Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiodeTreningsrom om bord i fartøyetVi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkårAttraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningarEit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaerVi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Arbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 14.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen