Om stillingen
Om stillinga
Er du en engasjert sjukepleiar som ønsker spennende utfordringar i ei avdeling der ingen dager er heilt like? Vi søkjer no etter dyktig sjukepleiar til Meland sjukeheim. Hos oss får du muligheten til å vere med på å forme kvardagen i et faglig sterkt og godt miljø.
Vi søker engasjert sjukepleiar i 60–80 % nattstilling. Som nattevakt hos oss får du ei viktig rolle i å sikre kontinuitet, ro og kvalitet i pasientoppfølginga når resten av verden sover. Du vil bidra til at pasientene våre får trygge og gode tjenester gjennom natta. I denne stillingen får du et eget funksjonstillegg for nattarbeid.
Om Meland sjukeheim
Hos oss på Meland sjukeheim har vi tre avdelingar med ulike pasient- og brukar grupper.
Lerketunet ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 24 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringa rmed komplekse sjukdomsbilete, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring.
Solkroken er ein kortidsavdeling, med fokus på rehabelitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 14 sengeplassar, fordelt på 11 pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialhelsetjenestene og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken.
Som nattevakt på Meland sjukeheim vil du vere med på å ivareta pasientane på heile Meland sjukeheim, men du vil vere organisert under avdeling Solkroken.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar på natt ved Meland sjukeheim vil du ha det sjukepleiarfaglege ansvaret på tvers av alle avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
Kompetansekrav
Norsk autorisasjon som sjukepleiarGode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - testKven er du?
Vi søkjer etter fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre
Vi tilbyr
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Fagleg utvikling ÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk God pensjonsordning gjennom KLP Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,-over garantiløn etter Hovudtariffavtalen Som sjukepleiar på natt får ein 18 000,- funksjonstillegg i 100% stillingPolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommuneVideo:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen