Om stillingen
Helse Førde har ledig 40 % vikariat som klinisk ernæringsfysiolog (KEF) i perioden 07.09.2026 til 27.08.2028.
Vikariatet er knytt til fråvær som følgje av frikjøp av medarbeidar.
Kliniske ernæringsfysiologar i Helse Førde er organisatorisk plasserte ved Medisinsk poliklinikk. Poliklinikken greier ut og behandlar pasientar innan kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi.
Arbeidsområdet omfattar alle klinikkane i Helse Førde, inkludert medisinsk, kirurgisk og psykiatrisk klinikk. Som tilsett blir du ein del av eit fagmiljø med tre kliniske ernæringsfysiologar.
Arbeidsoppgåver
Ernæringsbehandling og rettleiing av enkeltpasientar og pårørande i poliklinikkenErnæringsbehandling og rettleiing av pasientar innlagt i Helse FørdeTverrfagleg samhandling i høve ernæringsarbeid ved dei kliniske postaneUndervisning og rettleiing av KEF-studentar og helsepersonellUndervisning og rettleiing av pasientar med livsstilsrelatert- og annan sjukdom i grupper i samhandling med Lærings-og meistringssenteretKvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiologMå beherske godt norsk både munnleg og skriftlegPersonlege eigenskapar
Trivst med rettleiing og undervisning, individuelt og i grupperEr eigna til å drive og administrere tverrfagleg aktivitet Evnar å halde seg fagleg oppdatert Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljøHar gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrikVi tilbyr
Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåverGodt arbeidsmiljøLønn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar, (+47) [phone]
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 40%VikariatStartdato: 07.09.2026Sluttdato: 27.08.2028Søknadsfrist: 04.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen