Om stillingen
Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Medisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR. Behovet er per i dag størst i Kristiansund, men det må reknast med arbeid på Hjelset ut frå driftssituasjonen.Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt tverrfagleg samarbeid. Du vil vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester.Stillinga er hovudsakleg knytt til hjartepoliklinikken, men det kan òg vere aktuelt å delta i undersøkingar og prosedyrar ved lungepoliklinikken.Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert sjukepleiar/spesialsjukepleiar som ønskjer å arbeide med varierte og spennande oppgåver. Du må trivast med både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper.
Arbeidsoppgåver
Mottak, rettleiing og oppfølging av pasientarSjølvstendige konsultasjonar innan hjartesvikt, koronarsjukdom og atrieflimmerAssistere ved undersøkingar og prosedyrarPasientopplæring og formidling av informasjonAndre oppgåver knytte til den daglege drifta ved hjarte- og lungepoliklinikken i KristiansundKvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiarVidareutdanning innan kardiologi eller lunge kan være ein fordelErfaring fra poliklinikk kan være ein fordelHar interesse for fagområdene hjerte og lungePersonlege eigenskapar
Du er ein positiv, strukturert, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i teamDu har gode kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og samarbeidspartnararDu har evne til å inspirere og motivere kollegaer, og bidreg aktivt til fagleg utvikling og kunnskapsdeling i teametDu ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og har eit sterkt engasjement for fagleg utvikling og kontinuerleg læringÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Elin Kjønnø, Konst. seksjonsleiar, +[phone]Linn Kristin Svanemsli, Seksjonsleiar, Linn.Kristin.Svanemsli@helse-mr.no
Arbeidsstad
Herman Døhlens vei6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikariatStartdato: 01.10.2026Sluttdato: 31.03.2027Søknadsfrist: 11.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen