Om stillingen
100 % fast stilling som barnehagelærar ved Nørve barnehage frå dags dato.
Nørve barnehage ligg sentralt i midtre bydel, med kort veg både til byfjellet og fjøra. Dette gir oss unike moglegheiter til å vere mykje ute på tur.
Språk og leik er viktige satsingsområder, og vi har også eigne mål for alle kvardagsaktivitetar. Barnehagen har lyse og trivelege lokale, samt eit variert uteområde med mellom anna grillhytte og akebakke. Hos oss møter du små og aldersdelte barnegrupper og eit engasjert, stabilt personale som brenn for å kombinere leik, omsorg og læring. Vi har eit godt arbeidsmiljø og fornøgde foreldre – på Nørve trivst både små og store!
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk.Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa, og innanfor dei områda ein blir satt til.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.God IT-kunnskap og forståing. God samarbeidsevneGodkjent politiattest av nyare dato må framvisast før oppstart i stillinga.På grunn av personalgruppas samansetning oppfordrast menn til å søke Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV.Menn oppfordrast til å søkje.Personlege eigenskapar
Vi søker etter
ein open, engasjert og modig pedagog som kan vere med å vidareutvikle Nørve barnehage som ein lærande organisasjonhar solid kunnskap om barns utvikling og behover opptatt av barns rett til medverknad og involveringevner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjonhar gode samarbeidsevne og kommunikasjonsferdigheter og er ein lagspelartrivast i ein aktiv kvardag med barn, og takle stress og høgt arbeidspress i periodarer tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientertvere open for å jobbe både på småbarn og storbarnsavdelingkan arbeide sjølvstendig med pedagogisk arbeid og planverk i tråd med Lov om barnehagerevner å bidra til eit godt foreldresamarbeidpersonlege egenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
Eit utviklande, allsidig og lærande miljø i ein barnehage nært naturen.Barnehagen deltek i eit pedagogisk utviklingsarbeid ilag med andre kommunale og private barnehagar i Ålesund kommuneGod pensjonsordning og løn etter tariff.Kontaktinformasjon
Marthe Lundemo, Verksemdsleiar, [phone], marthe.lundemo@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Bøgata 396008 Ålesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.10.2026Søknadsfrist: 13.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen