Fengselsbetjentar i turnus - basisbemanning

AGDER FENGSEL AVD MANDALEVJEPublisert 28. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026lønna som<strong> fengselsbetjent 0264

Om stillingen

Om stillinga Agder fengsel, Evje ungdomseining (ungdomsenhet sørvest) er blitt Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige med plass inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga har tre soner med høg sikkerheit, der det er muleg å differensiere sikkerheita og tilbudet til ungdomane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet me skal gje, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar, og retningslinjene gjeve etter straffegjennomføringslovens §10a. Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje. Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar. På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering). Både fengselsutdanna og anna turnuspersonell inngår i vaktlag, med krav til godkjent FM-modular og jamnleg trening. Evje ungdomseining vil etter kvart få mange tilsette, og jobbar derfor med å legge til rette for fleksible turnusordningar,  i tillegg til at me kan tilby rimeleg pendlarbustad, gratis parkering og mulegheiter for el-lading. Me har i dag over 40 personar i fast stilling med turnus og har i denne runden behov for å tilsette ytterlegare fengselsbetjentar. Alle stillingane er faste og i 100% stilling. Fengselsutdanna personell blir tilsett i kode 0264 fengselsbetjent, og vil få mulegheita til å jobbe på alle dei tre ulike sonene våre (A, B og C). Søknadsfrist er 13.09.26 Arbeidsoppgåver planlegging, leiing og evaluering av endringsarbeidmiljøterapeutisk arbeid med tanke på god og trygg straffegjennomføringkontaktbetjentarbeid - og førebuing av den innsatte på lauslating eller overføring til vaksenfengseltett fagleg samarbeid med kollegaer i og utanfor kriminalomsorga i planlegginga av soning og progresjonkonfliktdempande kommunikasjon, grensesetting, skape trygge og gode rammer for den innsetteDen som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Utdanning og erfaring Stillingskode 0264 Du må ha bestått fengselsbetjentutdanning ved KRUS (Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter)erfaring frå Kriminalomsorgen god munnleg og skriftleg framstillingsevnegod kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøygod språkleg forståingførarkort klasse BDet er ønskjeleg at du har erfaring frå vegleiing av klientar / brukarar og kollegaererfaring frå kontaktbetjentarbeidPersonlege eigenskapar gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerhar evne og vilje til å drive påverknadsarbeidhar evne til tryggleikstenking, grensesetjing og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsetteer mål- og resultatorienterthar evne til å arbeide sjølvstendig og systematisker robust og trygg, evner å møte krevjande innsette med ei fagleg tilnærming med fokus på konfliktdempinghar evne til å motta opplæring, dele kompetanse og jobbe med eiga sjølvregulering er fysisk i god form, og i stand til å bidra i vaktlag etter behovpersonlege eigenskapar i tråd med etatens verdiarMe tilbyr godt arbeidsmiljø meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdraggod opplæring og vegleiing knytt til arbeidsoppgåver og samfunnsoppdraggod opplæring i sikkerhetsarbeid, kontaktbetjentarbeid, miljøterapeutisk fokus og fysisk maktanvendelsegode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.tilgang på treningsrom, pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter), gratis parkering, stillinga blir avlønna som fengselsbetjent 0264 fra kr [phone] pr. år, avhengig av kvalifikasjoner. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasseGenerell informasjon Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Søknad og CV blir send elektronisk via linken "søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Ved manglande dokumentasjon, kan søknaden utebli frå vurdering. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjend, eller tilsvarande. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.  Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing. Agder fengsel vil i ansettelsessaker ta hensyn til interne retningslinjer virksomheten har. Dette innebærer blant annet at det i søknadsprosessen vil bli gjort en konkret vurdering av om en eventuell ansettelse kan utløse habilitetsutfordringer, sikkerhetsmessige utfordringer eller driftsmessige utfordringer for Agder fengsel. Søkere bes derfor oppgi i søknaden om de har en nær relasjon til andre ansatte ved Agder fengsel. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden. Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504. For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på [phone].

Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen