Om stillingen
Vil du vere med og forme framtidas Ålesund?
Ålesund kommune søkjer ein engasjert, tydeleg og løysingsorientert avdelingsleiar til byggesaksavdelinga. Dett er ei sentral leiarrolle for deg som ønskjer å kombinere fagleg kvalitet, god leiing og samfunnsutvikling.
Som avdelingsleiar for byggesaksavdelinga vil du ha ei viktig rolle i utviklinga av kommunen. Du vil bidra i dialogen med utbyggarar, overordna mynde og relevant bransje, og vere eit viktig bindeledd internt mellom byggesak og andre fagområder.
Hos oss vil du leie og vere ein del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan ingeniørfag, jus, arkitektur med meir. Avdelinga har ansvar for handsaming av saker etter byggesaksdelen i plan- og bygningslova, inkludert dispensasjonssaker.
Avdelng byggesak er ein del av verksemd for plan og bygning. Avdelinga har ca. 15 tilsette per no, og er tverrfagleg samansett. Fleire av dei tilsette på avdelinga er relativt nye, og det er også tenkt at avdelinga vil bli oppbemanna ytterlegare i tida framover. Som avdelingsleiar vil du spele ei viktig rolle i å legge til rette for stabilitet på avdelinga, samstundes som det blir prioritert å handsame saker til rett tid, auke kvaliteten i tenesteproduksjonen og syte for eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområder og målsettingar. Delegert økonomi- og personalansvar for avdelinga. Fagansvar for avdelinga. Legge til rette for god dialog med innbyggjarar, næringsliv og overordna mynde. Stimulere til tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av verksemder og avdelingar. Inspirere og motivere medarbeidarane. Aktivt bidra til meir effektive og digitale løysingar for organisasjonen og innbyggjarane. Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning innan eit eller fleire relevante fagområder, fortrinnsvis på masternivå. Dokumentert og relevant leiarerfaring kan kompensere for utdanning. Erfaring med økonomistyring, personalleiing og omstillingsarbeid. Kjennskap til avdelinga sitt ansvarsområde/fagområde. Personlege eigenskapar
Evne til å planlegge, styre og kvalitetssikre, ta avgjersler, prioritere og avklare forventningar i samsvar med mål og rammer. Evne til å legge til rette for meining, meistring og motivasjon, bygge tillit og trygge meistringsklima og arbeidsmiljø. Evne til å kontinuerleg tilpasse og utvikle verksemda og arbeidsmåtar til nye behov og krav i eit strategisk perspektiv. Du må kunne bygge nettverk og samhandle med eksterne aktørar.Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og du må kunne utøve fleksibilitet. Fagleg integritet, god sjølvinnsikt og ei tydeleg stemme. Vi tilbyr
Fagleg spanande og varierte oppgåver. Godt tverrfagleg arbeidsmiljø. Tilrettelegging for fagleg utvikling. Ei moglegheit til å påverke morgondagens samfunn.Lønn etter avtale. Fleksibel arbeidstidsordning. Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring. Kontaktinformasjon
Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, [phone], silja.ovrelid@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 20.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen