Planlegger

Leirvik ASSTORDPublisert 28. aug. 2026Søknadsfrist 13. sep. 2026<p>Stillinga inneber prosjektplanlegging, koordinering av ulike fagfelt og vidareutvikling av planprosessar. Erfaring frå større prosjekt og gode kommunikasjonsevner er viktig.</p>

Om stillingen

Leirvik AS søkjer til våre pågåande og framtidige prosjekter ein planleggar med erfaring frå prosjektplanlegging av større prosjekt. På anlegget vårt på Leirvik, Stord, vil du som planleggar bli ein viktig del av prosjektleiinga, og få vera med på prosjekta frå start til slutt. Du vil vera med i etableringa av aktivitetar, oppfølging av framdriftsplan og vidareutvikling av prosjektplan. Du vil òg bidra til utvikling av bedrifta sin systematikk for prosjektplanlegging og gjennomføring. I Leirvik får du moglegheit til å arbeide saman med mange dyktige menneske på tvers av ulike fagfelt. Di oppgåve blir å fungere som ein plankoordinator for desse ulike fagfelta, gjennom heile prosjektperioden. Det er også viktig at planar for prosjektet mogleggjer god framdrift og legg til rette for at dei måla og milepælane som blir satt undervegs, blir overhalde. Ein av dine gode eigenskapar er evna til å kommunisere tydeleg og klart, både skriftleg og munnleg. Du er god på å forklare dei ulike stega av prosjekta på ein enkel og forståeleg måte og evner å gi klar instruks til deltakarar i prosjekta. Du er også analytisk anlagt og ser stadig etter forbetringspunkt og tiltak som kan hjelpe med å utvikle og effektivisere dei ulike prosessane. Du er glad i å lære nye ting og likar å halde deg oppdatert på nye metodar innan prosjektgjennomføring. Arbeidsoppgaver Etablering og oppbygging av plan ihht kontrakt og gjennomføringsmetodEtablering av aktivitetar, oppfølging av framdriftsplan og vidareutvikling av prosjektplanRapportering internt og eksterntBemanningsplanleggingTilbodsarbeidBidra til vidareutvikling av bedrifta sin systematikk for prosjektplanlegging og gjennomføringKvalifikasjoner Erfaring frå prosjektplanlegging / gjennomføring av større prosjekterErfaring med leiing / koordinering for prosjektgjennomføring i offshore eller bygg og anleggErfaring med engineering og/eller fabrikasjon er ein fordelKjennskap til Primavera planleggingsverktøy er en fordel, men opplæring vil bli gittHar gode, generelle datakunnskapar, evne / vilje til å læreGod skriftleg og munnleg førestellingsevne på norsk og engelskPersonlige egenskaper Sjølvstendig og systematiskLeiarerfaring eller -eigenskaparEvne til å sjå dei store linjene i prosjektet og finne moglegheiter for optimalisering og effektiviseringEin god kommunikator og lagspelarPositiv, proaktivVi tilbyr Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaerGode moglegheiter for fagleg utviklingKonkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av ansattaksjarGode pensjons- og velferdsordningarKontaktinformasjon Arne ottesen, SVP Leirvik Industrial Solution, 48297004Øystein Rykkje, Manager Planning, 93039034Tor Erik Gjuvsland Eide, Senior HR Advisor, 92210930 Arbeidssted Storhaugvegen 1305416 Stord Nøkkelinformasjon Arbeidsgiver: Leirvik ASReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 13.09.2026

Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen