Bioingeniør

Laboratorieklinikken/ Biobank Haukeland, Helse Bergen HFBERGENPublisert 28. aug. 2026Søknadsfrist 14. sep. 2026559758

Om stillingen

Biobank Haukeland er ein sjølvstendig seksjon i Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Vi tilbyr biobanking og forskingsstøtte til interne og eksterne forskingsmiljø, og er ein viktig samarbeidspartnar for forsking ved sjukehuset. Seksjonen består av ni engasjerte medarbeidarar, og vi søker no etter ein vikar i samband med svangerskapspermisjon. Biobank Haukeland spelar ei sentral rolle i forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Vi disponerer moderne og avansert utstyr for biobanking, og samarbeider tett med dei andre avdelingane i Laboratorieklinikken for å tilby heilskaplege løysingar innan forskingsstøtte, prosjektarbeid og biobanking integrert i sjukehuslogistikken. Vi har eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar og deltar i det nasjonale konsortiet for biobanker, Biobank Norge. Målet vårt er å sikre høg kvalitet på forskingsprøvar og analysar gjennom rådgjeving, tilrettelegging, prøvehandtering og trygg lagring av biologisk materiale. Vi ser etter deg som er engasjert, strukturert og løysningsorientert. Du trivst med varierte arbeidsoppgåver, arbeider sjølvstendig og tek ansvar, samtidig som du er ein god lagspelar. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø, der kvalitet, samarbeid og service står i sentrum. Du blir ein del av eit team som legg til rette for viktig forsking og kunnskapsutvikling til nytte for pasientar og helsetenesta. Arbeidsoppgåver Delta i den daglege drifta og bidra til praktisk gjennomføring av forskingsprosjektDelta i blodprøvetaking av pasientar og deltakarar i forskingsprosjektProsessere og handtere biologisk materiale i tråd med krav og prosedyrar i forskingsprosjekt og kliniske studiarBetene robot for automatisert prøvefordelingSetje seg inn i forskingsprotokollar og halde seg oppdatert på gjeldande prosedyrar, retningslinjer og kvalitetskravAndre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga ved behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniørErfaring frå preanalytisk arbeid er ønskeleg God munnleg munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskPersonlege eigenskapar Du trivst i eit dynamisk arbeidsmiljø og handterer fleire oppgåver samtidig Du er fleksibel og taklar periodar med høgt arbeidstempo på ein god måteDu er serviceinnstilt, omgjengeleg og løysingsorientert i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnararDu er strukturert, punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst Du arbeider godt både sjølvstendig og som del av eit teamDet vil bli lagt vekt på personlege eigenskaparVi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobbEit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Stillinga er ei dagstillingVi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Ann Cathrine Kroksveen, Seksjonsleiar, 55975855, ann.cathrine.kroksveen@helse-bergen.no Arbeidsstad Haukelandsveien 225021 Bergen Nøkkelinformasjon Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%VikariatStartdato: 01.10.2026Sluttdato: 30.09.2027Søknadsfrist: 14.09.2026

Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen