Om stillingen
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum.
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som tannlege. God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar
Trivst med å jobbe med og for menneskeJobbar effektivt og sjølvstendig God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyr
Ein god jobb der du kan utvikle deg Lønn etter avtaleOppdatert og fin tannklinikk Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse Trivelege medarbeidarar og godt miljø Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad
Fosnagata 126509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: [phone]Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 21.09.2026
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen