Om stillingen
Har du eit varmt hjarte for barn, likar dagar med både latter, leik og litt tempo – og veit at eit ledig fang kan vere noko av det viktigaste du tilbyr? ❤️
Preg Toftøy barnehage søker ein engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar til vikariat.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som likar å vere saman med barn og som forstår kor viktig du som vaksen er i kvardagen deira. Du er varm, trygg og omsorgsfull, samtidig som du tek ansvar, ser kva som må gjerast og bidreg aktivt i fellesskapet.
Vi ønskjer deg som:
er leiken, engasjert og til stades saman med barna
ser det enkelte barnet og samtidig har blikk for heile barnegruppa
er god på å bygge relasjonar og støtte vennskap mellom barn
tek initiativ og likar ein aktiv og variert arbeidskvardag
er fleksibel, løysingsorientert og samarbeider godt med andre
bidreg med godt humør og positiv energi i arbeidsmiljøet
er nysgjerrig på faget og ønskjer å lære og utvikle deg
møter foreldre, barn og kollegaer med respekt og openheit
kan arbeide sjølvstendig, men veit at vi får til mest når vi jobbar saman
kan identifisere deg med barnehagen sitt kristne verdigrunnlag
Vi ser gjerne at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå arbeid med barn.
For oss handlar det først og fremst om kven du er i møte med barna. Vi ser etter ein vaksen som barna kan bli trygge på, leike med, lære saman med -- og finne eit ledig fang hos når dei treng det.
Arbeidsoppgaver
Som barne- og ungdomsarbeidar hos oss vil du vere tett på barna gjennom heile barnehagedagen. Du skal bidra til tryggleik, leik, utvikling og gode relasjonar -- både for det enkelte barnet og i fellesskapet.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:
delta aktivt i leik, aktivitetar, turar og kvardagsrutinar
vere ein trygg, varm og tilgjengeleg vaksen som ser og møter det enkelte barnet
støtte barna i å utvikle vennskap, sosial kompetanse og tilhøyrsle i fellesskapet
bidra til språk, undring, læring og utvikling gjennom leik og gode samtalar
planlegge og gjennomføre pedagogiske aktivitetar i samarbeid med resten av personalet
bidra til eit godt og tillitsfullt samarbeid med foreldre og føresette
samarbeide tett med kollegaer og bidra positivt til arbeidsmiljøet
delta aktivt i barnehagen sitt pedagogiske utviklings- og kvalitetsarbeid
bidra til at barnehagen sitt verdigrunnlag og mål blir synlege i kvardagen
Hos oss er ingen dagar heilt like. Du må like å vere der barna er -- på golvet, i skogen, rundt boka, i garderoben og midt i leiken. Det viktigaste arbeidsverktøyet ditt er deg sjølv og måten du møter barna på.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein arbeidsplass der vi ønskjer at både barn og vaksne skal trivast, utvikle seg og kjenne at dei høyrer til. Vi har høgt engasjement, mykje humor og eit personale som jobbar saman for å skape ein god barnehagekvardag.
Vi tilbyr:
eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får vere med og gjere ein forskjell for barn
gode moglegheiter for fagleg utvikling og læring
systematisk arbeid med kvalitet og utvikling i personalgruppa
flotte turområde, skog og nærmiljø som blir aktivt brukt i kvardagen
ein barnehage med tydeleg verdigrunnlag og fokus på tryggleik, relasjonar og fellesskap
løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Og kanskje aller viktigast: Du får bli ein del av eit lag som ønskjer å skape ein verdifull barndom -- kvar einaste da
Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen