Bli laurdagshjelp på Alver bibliotek! Vi søker deg som er interessert i litteratur og formidling

Alver kommuneFREKHAUGPublisert 28. aug. 2026Søknadsfrist 06. sep. 2026<p>Deltidsstilling i bibliotek med arbeid annakvar laurdag. Arbeidsoppgåver inkluderer skrankearbeid, formidling og service. Passar for deg med interesse for litteratur.</p>

Om stillingen

Om stillinga Alver bibliotek har ledig eit vikariat i 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.15-15.30. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug. Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar og ein filial. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. Det er alltid to tilsette på jobb i Knarvik, medan ein som oftast er åleine på jobb på Frekhaug og Manger. Arbeidsoppgåver Skranke og anna service til brukarane av biblioteketLitteraturformidlingFormidling av digitale tilbod og verktøyHyllerydding og anna førefallande arbeidLegge til rette for arrangementKvalifikasjonar Videregåande utdanning, over 18 årDu er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefagDu har god digital kompetanseDu har gjerne erfaring frå bibliotek, formidlings- og/eller arrangementerfaringPersonlege eigenskapar Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert Du er løysingsorientert og initiativrik Du er glad i å hjelpe publikum Personleg eignaheit vert vektlagt. Vi tilbyr Ei deltidsstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til dei besøkande på biblioteketHyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljøLønn i samsvar med lov - og avtaleverkPerson- og pensjonsordning gjennom KLPOm bedriften Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. Sektor Offentlig Nettsted https://www.alver.kommune.no/

Sist oppdatert 28. aug. 2026 · Datakilder: NAV Arbeidsplassen